Til velkomstsida
Ikjefjord på nett.

Om Ikjefjord
Kart

Grendahuset ] Julemesse 2000 ] Ungdomslaget ] Idrettslaget ] Firkløveren 4H ] Skule og barnehage ] Utmark ] Stort og smått ]

Eikeneset Feriehytte

Her er det litt om tilskipingane til ungdomslaget i 2001:

Påskedansen  Skjærtorsdag
17. mai-feiringa
Jonsokafta
Juletrefesten

Påskedansen  Skjærtorsdag, var det atskilleg meir fres over i år enn i fjor. Sjølv om 100 betalande ikkje er nok til å fylle salen, var det godt liv i dei som var der. Det er i all hovudsak tenåringar som går på desse dansane no, og då lyt ein ha musikk som høver desse. Led heads frå Dale-området, er eit band dei unge tykkjer om, og desse fekk prøve seg i år. Og det var tydeleg at publikum likte det dei fekk: dei sang med på alt frå  "Another brake in the Wall" til "The Rollercoster". Bandet spela mykje rock, og dei hadde veldig god kontakt med publikum. Det er faktisk lenge sidan det var så god stemning i salen, og ikkje berre det: faktisk strøymde det tett på med folk frå dørene vart opna kl 22, og 3/4 av billettane vart selde dei tre første kvartera. Eit lite overskot og god stemning gjer sitt til at det er store sjansar for at Led heads kjem att neste påske!

Vaktene hadde lite bry med festdeltakarane, berre nokre ny-vaksne Bergensarar var litt usamde etter at det var slutt. Ein annan ting såg derimot litt stygt ut lenge: 4 jakker og ei lommebok var sakna. Men ut på fredagen dukka to av jakkene opp: den eine låg att der "fårspelet" var, den andre var det ein som hadde teke for å vere si eiga. Dei siste to jakkene og lommeboka derimot var ikkje komne til rettes. Me får berre håpe det ordnar seg. Det sette i allfall ein vekkar i festnemnda.

Led Heads fekk skikkeleg fart i ungdommane.          Frå nest siste ekstranummer.          Vaktene stilte i nye refleksvestar, og tykkjer det er mange flotte ungdommar i området.

Til toppen


17. mai-feiringa:
Brekke Skulemusikkorps slo an tonen i årets 17. mai-feiring. Dei har eit stramt program på nasjonaldagen, og me var fyrst på lista over i alt fire stopp. Uvant tidleg for oss Ikjefjordingar tok me fat på Storrunden kl 10:30. Musikkorpset spela før me gjekk, heile tida medan me gjekk, og jammen fekk me ikkje ein liten konsert etterpå òg! Detta tykte me om, og det var nok mange med klump i halsen denne litt gråe, men likevel flotte torsdags føremiddagen. Det må no vere over 20 år sidan me hadde eit korps på vitjing på 17. mai, men festleiar Wenche Røkenes lova Brekke-korpset at dei skulle høyre frå oss att kanskje alt om to år.

Etterpå kunne me gå til dekka bord i salen, der Kari Brekken heldt eit flott "ord for dagen". Ho fortalde om to 17. mai-talar ho hugsa frå Ikjefjorden, og sa at ingen av dei var slik ho ville at denne skulle bli. Med litt hjelp frå Odd Børresen si bok greidde ho målet med god margin.

Sidan me byrja så tidleg baud festnemnda på middag. Kjøtkaker med gulrøter og ertestuing gjorde oss so mette at det nesten ikkje var plass att til mylsa. Men berre nesten, for mylsa til Herdis er det ingen mylse-etande menneske som kan motstå...
Ute vart det laga til ulike leikar, og til glede for dei minste, var fryseboksen fylt opp med is.

Bjørkelauv er sjølvsagt pynt til 17. mai.       Toget går...       ...med Brekke skulemusikkorps føre.       Etterpå fekk me ein flott konsert utanfor Grendahuset. Mellom anna song me med på "Ja vi elsker". I alle fall på fyrste verset. Etter det vart me mest ståande å lytte til dei flinke musikantane.       Morelletrèet stod i blomst.

Kari Brekken heldt ein fin tale. "Ta vel i mot dine ukjente gjestar" var eit av bodskapa.      Ungar og vaksne fekk prøve seg mellom anna på å kaste ball på boksar. Ikkje so heilt lett å treffe, men denne karen fekk i alle fall ned nokre.      Ikkje so lett å hoppe av garde i ein alt for liten sekk heller når ein ikkje har sove siste døgeret.      Sjøl utan søvn såg dei tre russedamane Elin, Marita og Inger ut til å vere i storslag. (Bortsett frå det med den sekken då.)

Klokka 20.00 starta det heile oppatt med rebusløp, leikar og underhaldning. Det var ulike konkurransar og sal av mylse, is, brus, pølser, kaker og kaffi.
Som vanleg på kveldsøkta var det nokre fleire tilstades, og stemninga var god. Nokre av ungane hadde laga underhaldning etter "eige sinn", og framførte sketsjar, song og spel til stor begeistring for oss som såg på. Moro er det og å sjå at dei minste vert inspirert av kvarandre. Det var nemleg mange som ville framføre noko på scena etter at den offisielle delen var slutt.

Dei vaksne fekk naturlegvis og vist seg fram litt gjennom songkonkurranse og "kva skal han eller ho gjere for å få att skoen, slipset eller klokka"-leiken.

Ida sang "No livnar det i lundar". Maja spela til på kornett.     "The aarness band" gjorde stor suksess med ei akrobatisk framføring av ei rockelåt.     To humørfyllte fiskarar.     

Konklusjonen vert: Atter ein gong har Ikjefjordingane stadfesta over for seg sjølve og kvarandre at 17. mai er moro. Festnemnda har all grunn til å vere nøgde, og tilbakemeldingar frå både born og vaksne tilseier at dette skal me gjere oppatt!
Alt dette gjer seg naturlegvis ikkje sjølv, og
i alt har festnemnda lagt ned over 100 arbeidstimar berre i førebuingar. Dette utgjer omlag to timar for kvar gjest! Tygg litt på den... I tillegg kjem arbeidet under- og etter arrangementet.

Til toppen


Jonsokafta, slo det til med varmt, stille og myggfritt sommarvêr. Heile 80 personar møtte fram på Granden for å grille pølser, sparke fortball, gå natursti, slå av ein prat, eller rett og slett berre nyte sommarkvelden. I graset var det nyklekte måseungar, så ein måtte sjå seg godt om. Fugl og folk har gjennom lange tider delt plass på og rundt ballbana, og dette har som regel gått godt.

Det vart trangt om plassen for bilane. Parkeringsplassen må nok utvidast.    Det var eit staseleg bål av gamle materialar. Eit måsereir på toppen vart flytta i god tid før brenninga.    Ei lita vindråse akkurat når bålet var på det varmaste førte til at det fatna i lyngen. Dette vart raskt sløkt.    Ein Tjeld hadde reiret sitt i byggjeområdet for den nye sandvolleyballbana. Her er det sett opp vern mot bålvarmen.    

Fotballsparking var eit av innslaga. Men ikkje alle hadde interresse av det...    Nokon ville til dømes studere den nye sanden som er fyllt på i fjøra.    To tyste som ladar opp til flakedans på Søreide same kvelden.

Til toppen


Juletrefesten, 2. juledag er ei av høgdestundene i julehelga. Det gjer godt å komme seg litt ut fråDen perfekte råme for ein juletrefest. stovevarmen, ynskje naboar og kjende gledeleg jul, trimme seg med litt gong rundt juletreet, og sjå kva skuleborna har funne på denne gongen. Sjeldan har me hatt ei slik råme rundt festen som i år; nysnjo og klårvêr med sol på fjelltoppane. Prost Geir Sørebø innleia med dette og kopla det over til si biletråme. Kva vil de plassere inni denne råma som har med jula å gjere?, spurte han. Ein liten kar rette opp handa, ogGeri Sørebø med si biletlege framstilling av opphavet til julefeiringa og inhaldet i den. I framgrunnen: Ei med ny frisyre til jul. Litt av pynten på festen. med eit lurt smil om munnen kom det: Kjell Inge Røkke. Då var det ingen som kunne halde låtten borte, og på ein måte fekk ein sett stemninga for dagen. Prosten kunne heller ikkje halde seg, men han meinte Røkke var for gniten til å få vere med i biletråma.

Veslemøy var årets festleiar, og innleia med å lese ei fin lita Prøysen-historie; "Bygda som gløymde å feire jul." Ei fornøyeleg lita skrøne.

Underhaldninga var det borna i skulen og barnehagen som stod for. Sjølvlaga sketsjar med ein eigen vri på framsyningsdagen er alltid spanande og underhaldande. I år fekk me sjå litt frå livet på ein gard der husbonden rett som det var stod overfor store utfordringar både med kjering og husdyr, og frå julefeiringa i ein enkel heim med ein baurande nisse og ein trengd hund.
Dei avrunda med ein julesong, og me ser fram til kva desse ivrige talenta vil by på i framtida!

Eit glimt frå stykkjet om livet på garden. (Oppå låven ligg det ein kalv.)                    Julenissen kjem på besøk til ein liten familie...                     ...med ein hund som var snar med å skvette på gåvene, og pile inn att i hundehuset.

Kjell Magne planta denne grana for 10 år sidan. No passa ho akkurat til grendahuset.Juletreet var i år ei ti år gammal gran frå Brekka. Eit prakteksemplar som var som skapt for oppgåva; å pynte opp den romslege salen i grendahuset, å tene som midte for ivrige songarar og romjulstrimmarar. Ikkje alle såg ut til å orke slike utskeiingar, men dei som gjorde, gjorde det skikkeleg!Mange spente born flokka seg rundt nissen.

Mat og nissebesøk er og faste innslag på ein juletrefest. Som med det meste lyt me ordne det og sjølve. Det pynta bordet var fylt opp med smørbrød, lefser og julekaker i alle fasongar og smaksvariantar, alt medteke av festdeltakarane. Ein enkel, god måte å gjere det på.Litt skummelt for dei minste kanskje, men det var ingen som skreik! Her er det Øyvind som "tek i mot".
I år var det ein veteran som gjorde kombekk som nisse. Velle-Per'n har hatt denne rolla før, og såg ikkje ut til å mistrivast i nissedrakta denne gongen heller. Alle borna hadde vist vore snille dette året òg slik at dei fekk kvar sin snopepakke. Ei overrasking var det nok for både den eine og den andre når det stod Erna Myren på ein pakke. Nissen hugsa Erna frå før ho trulova seg for 50 år sidan, og var svært nyfiken på om hoDei tok det sporty, både nissen og Erna då det stod hennar namn på ein velfylt pose. fekk den ho ville ha, og om kor nøgd ho hadde vore med den utvalte...

Sjølv om det hadde vore plass til fleire utan å gjere det trongt verken til bords eller rundt treet, virka det som om dei som tok seg umaken med å komme hadde ein triveleg 2. juledags ettermiddag i lag. Dei opplevingane me fekk kan i alle fall ikkje heilt og fullt gjevast uttrykk for med nokre linjer på ei internettside. Dei må ein oppleve sjølv...

Til toppen


 

17. Mai 2000 ] Juletrefesten 2000 ] [ Tilskipingar 2001 ] Tilskipingar 2002 ]


© Bjarte Myren
Ver snill å referer til Ikjefjord på nett ved all bruk av materiale frå desse sidene.
Ansvarleg redaktør: Bjarte Myren Tlf: (+ 47) 577 10561
 E-post: bjarte.myren@ikjefjord.no