Til velkomstsida
Ikjefjord på nett.

Om Ikjefjord
Kart

Grendahuset ] Julemesse 2000 ] Ungdomslaget ] Idrettslaget ] Firkløveren 4H ] Skule og barnehage ] Utmark ] Stort og smått ]

Eikeneset Feriehytte

Av Kristin Myren
26.desember vakna vi til kvitkledt landskap, snø i lufta ogsnjo.jpg (22763 byte) julestemning i dungevis; den perfekte ramma rundt den tradisjonelle juletrefesten. Trass i dette var det færre folk enn det pla vere, men då var det ekstra flott at utflytte Ikjefjordingar frå nabobygdene møtte opp!

Dagen starta med at konferansier Terjeterje.jpg (30476 byte) Instefjord ynskte velkommen, etter dette viste skule- og barnehageungane eit flott stykke om Papapanov si jul.
Utruleg bra framført når ein tenkjer på at det her var born heilt ned til 4 år i aksjon. 

stig.jpg (27060 byte)Vidare fekk vi erfare sangtalentet til Stig Magne Røkenes Brekken. Han sang to flotte julesangar, slik vi aldri har høyrt han før.prost.jpg (28140 byte)

Sokneprest Thor Pundsnes heldt sin aller siste andakt i prostiet før han flyttar sin veg.

juletre.jpg (32857 byte)No var det klart for gang rundt juletreet, og små og store samla seg om den flotte grana. Dei gode, gamle julesangane har enno ikkje gått i gløymeboka.

kosarseg.jpg (30075 byte)Kvar familie hadde med seg litt mat som vi samla på eit koldtbord, slik at det vart noko for ein kvar smak. Under maten var det tid til småprating og loddsalet gjekk strykande.

nisse.jpg (25188 byte)No var det tid for nok ein hyllest av juletreet, i håp om at dette ville lokke fram nissen. Og jammen kom han ikkje i år og, med snopeposar til alle små og store, snille barn. Når nissen reiste, vart salen sakte men sikkert tom.

spel1.jpg (28367 byte)

spel2.jpg (25998 byte)

spel3.jpg (29637 byte)

spel4.jpg (21852 byte)

spel5.jpg (38018 byte)

nisse2.jpg (28832 byte)

Sjølv om vi ikkje var så mange som vanleg, var det ein fin og stemningsfull juletrefest. Vel vert å få med seg, kom du òg til neste år....
 

17. Mai 2000 ] [ Juletrefesten 2000 ] Tilskipingar 2001 ] Tilskipingar 2002 ]


© Bjarte Myren
Ver snill å referer til Ikjefjord på nett ved all bruk av materiale frå desse sidene.
Ansvarleg redaktør: Bjarte Myren Tlf: (+ 47) 577 10561
 E-post: bjarte.myren@ikjefjord.no