Til velkomstsida
Ikjefjord på nett.

Om Ikjefjord
Kart

Grendahuset ] Julemesse 2000 ] Ungdomslaget ] Idrettslaget ] Firkløveren 4H ] Skule og barnehage ] Utmark ] [ Stort og smått ]

Eikeneset Feriehytte

Her vil me samle opp forskjellige saker som ikkje naturleg kjem inn under ei av dei andre sidene.

 

2004: Gravstøtter lagt på bakken. Høyanger kyrkjelege fellesråd har ved oppslag og avisannonse varsla eigarar av gravstøtter på Ikjefjord gravplass om at dei skal vere sikra med 2 stk 12 mm x 15 cm syrefaste boltar i sokkelen for å hindre at dei er til fare for besøkande på gravplassen. Fristen var sett til 1. august. Omlag tre veker seinare, kunne ein konstatere at 25 steinar var lagt i bakken. Dei fleste er gamle, og mange uleselege, men for dei som ikkje er gjort kjent med varselet, er det eit lite kjekt syn som ventar. Det er og varsla at støtter som ikkje vert sikra kan bli fjerna. Spørsmålet ein kan stille seg er om ikkje Høyanger kyrkjelege fellesråd bør legge litt arbeid i å finne eigarane av støttene før dei set i verk slike tiltak.
Det rører ved kjensler når så mange gravsteinar ligg nede - på ein elles velstelt gravplass.    Manglande festeboltar og dermed veltefare, er årsaka til at steinane ligg nede.    Denne plakaten og tilsvarande tekst i lokalaviser er ikkje nok til at alle blir varsla.

 

2004: Haukedalsvegen ferdig. Etter atskillege lass med masse og mykje fjellsprenging kunne Haukedalsvegen ferdigmeldast.

Henry Solheim har eit godt lag med gravemaskina.    Ein detalj frå vegen.    Velteplassen i Ytrelia.

2003: Ramberget opna etter ras. Gamlevegen rundt Ramberget er open for gåande og syklistar. All ferdsel på eige ansvar.


2002: Byggjestart på skogsvegen i Haukedalen. Måndag 11. mars starta Henry Solheim på arbeidet med å byggje skogsveg til Haukedalen. Det er store mengder tømmer som med denne vegen vert gjort tilgjengelege, og utfordringa vert no korleis ein best skal nytte dette råstoffet. Furua i Haukedalen har ord på seg for å vere både velvaksen og rik på alen. Det finnast både kunnskap og utstyr i bygda til å ta hand om ressursane. Det arbeidast no med å finne måtar å auke den lokale verdiskapinga på.

 

2001: Heile Ytre Trædalen slegen. Det er kanskje 30 år sidan sist. Med dunder og brak er det no og slege rundt tjørna. Det er Terje som no skal ta i bruk resten av bøane.

 

2001: Vegen rundt Ramberget er rydda! Det er ikkje meir enn 12 år sidan den vart stengt, men det gror fort til.

 

2001: Sykkeltur på Sørsida. (Reportasje frå Syklistenes Landsforbund, Hordaland) Me anbefalar sjølvsagt avstikkar 1 langs den nyrydda gamlevegen rundt Ramberget ,på utsida av tunnelen,  ein tur på grusveg til Vassdalsvatnet for å fiske (gratis), og avslutningsvis eit svalande bad i fjøra på Granden.

 

2001: Gamlehuset på Brekka.
Betsy Brekken budde der til ho var over 90 år. Ho døydde 9. des. 2001, over 104 1/2 år gammal.
Betsy på 104-års dagen den 22. april 2001.

 

2001: På Sogn og Fjordane-meisterskap med Brekke Skulemusikkorps

 

2000: Bilete frå badelivet 24. og 25. juli 2000. (+ ein etternølar i november.)

 

2001: Kanalreinsk på Inngjerdsla.
Slik ser den ut, kanalen på Ingjerdsla etter opprensking og muring. Her er det snart berre brua som manglar.
 

Grendahuset ] Julemesse 2000 ] Ungdomslaget ] Idrettslaget ] Firkløveren 4H ] Skule og barnehage ] Utmark ] [ Stort og smått ]


© Bjarte Myren
Ver snill å referer til Ikjefjord på nett ved all bruk av materiale frå desse sidene.
Ansvarleg redaktør: Bjarte Myren Tlf: (+ 47) 577 10561
 E-post: bjarte.myren@ikjefjord.no