Til velkomstsida
Ikjefjord på nett.

Om Ikjefjord
Kart

Grendahuset ] Julemesse 2000 ] Ungdomslaget ] Idrettslaget ] Firkløveren 4H ] Skule og barnehage ] Utmark ] Stort og smått ]

Eikeneset Feriehytte

Me Ikjefjordingar tykkjer det er flott når fylke og kommune tenkjer på oss og gir oss betre vegar. Difor fortel me gjerne om det til resten av verda.

I mange år no har fylkesvegen vorte kantklypt to gonger i året. Omsider er og kommunen komen etter. Med nyinnkjøpt supermaskin og ryddesag har to karar med liv og lyst gått laus på buskar og kratt langs attgrodde kommunevegar. I to dagar var dei i aktivitet i Ikjefjorden, og innleia med det Sørsideturneen 2001. Under ser du dei i sving med skogen langs vegen til Teigane.

Det er ei snerta maskin med stor kapasitet som Høyanger kommune no har kjøpt inn. Maskina i arbeid. Vegen opp til Teigane var kanskje den mest attgrodde i heile kommunen? I alle fall vart det ein del oppryddingsarbeid etter klypparen.

Fylkesvegen mellom Ikjen og Østerbø lir av å ligge på svakt underlag. Dette fører til at vegen sig i køyrespora, og dekket sprekk opp. Folka i vegvesenet har lappa på skadane ei tid, men no var tida mogen for å legge nytt dekke på dei verste partia. Eg hugsar ikkje når det sist vart gjort, og dei som har køyrt nokre turar med traktor langs denne vegen, kan sikkert skrive under på at det var på tide. Hugs berre på å køyre varsamt. Vegen er ikkje vorten breiare, og svingane er der enno! Og sjansen er kanskje større for å treffe ein på rulleski, rulleskøyter eller sparkesykkel no.

Eit område i Sandvikane har fått skifta ut berelaget. Her var det tidlegare store telehiv. Frakteskuta "Nyborg" stod for transporten til kai, og i alt tre bilar sørga for at ventetida for utleggarane vart kort. Her er det best å komme seg unna! Klebestoff må til for at oljegrusen skal feste seg. Dei fire på utleggjaren er klare. Oljegrusen har ein temparatur på omlag 120 grader, og er lett å jamne utover.
På dei smalaste partia går det nesten av seg sjølv. Til slutt kjem valsen og jamnar og pressar. Resultatet er ei jamn og flott overflate. -Og svingen på Smisteinen hallar i alle fall rett veg!
 

Å hopp i fjorden so hett ] Gamlehuset på Brekka ] På tur med Brekke Skulemusikkorps ] [ Vegvedlikehald ]


© Bjarte Myren
Ver snill å referer til Ikjefjord på nett ved all bruk av materiale frå desse sidene.
Ansvarleg redaktør: Bjarte Myren Tlf: (+ 47) 577 10561
 E-post: bjarte.myren@ikjefjord.no