Til velkomstsida
Ikjefjord på nett.

Om Ikjefjord
Kart

Grendahuset ] Julemesse 2000 ] Ungdomslaget ] Idrettslaget ] Firkløveren 4H ] Skule og barnehage ] Utmark ] Stort og smått ]

Eikeneset Feriehytte

Ikjefjorden er ein fredeleg fjordarm til Sognefjorden på sørsida av Høyanger kommune. Til Ikjefjord krins høyrer Haukhella, Hola, Østerbø, Ikjen, Indre- og Ytre Trædal, Massnesberg, Massnes og Sørevik. Til saman er her knapt 100 fastbuande sjeler med stort og smått.
Hovudnæringa er jordbruk, med hovudvekt på mjølkeproduksjon. Men her er og sauer, geiter, hestar, høner - og - turistar. Desse ser alle ut til å trivast. Brita Myren sin bunadskolleksjon 2001. Den i midten er ein Brekke-bunad, dei to andre er Sognebunader.Eit meisterverk frå tredreiar Kjell Arne Solli. Denne var ei gåve til Kjell Opseth i høve opninga av kunnskapsstova på Osland Brygge 2001.

Her finnast fleire som driv med produksjon av  husflidsvarer for sal. Ein tredreiar er òg etablert i bygda.

 

Ikjefjord ligg midt mellom Bjordal, Brekke, Matre og Lavik. Til desse bygdene køyrer ein på omlag 1/2 time. Dette gjer at mange arbeider på desse stadane innanfor både offentleg tenesteyting, og privat næringsverksemd. Bergen er ikkje så langt unna heller lenger: vel ein og ein halv time med bil.

Ikjefjordingane har gjennom tidene vist stor vilje til dugnadsarbeid, og denne ånda står framleis sterkt i dette vesle samfunnet. Idrettsbane, Grendahus, skule og barnehage og ulike arrangement er døme på dette.

Nedst på sida ser du ein del bilete. Hald peikaren over dei ei stund, så får du opp ein liten tekst. Klikk på dei for å sjå dei i stort format.


Her er det nokre kart over Ikjefjord-området.

Her kan du sjå bilete tekne frå båt på Ikjefjorden sommaren 2000.

Her ser du ein del av det som hendte i Ikjefjord i 2000.

Her ser du ein del av det som hendte i Ikjefjord i 2001.


Oppmoding:. Dersom du har gode bilete, historier, eller idear, sei ifrå!
Utsikt frå Teigane etter at det er hogd skog ved elva. Myrestølen i mai Årnesstølen juli 2000 Preben framfor sælet til Leif på Årnesstølen juli 2000
Myra og Vellene i vinterdrakt. Gardshusa til Erling og Oddvar i framgrunnen, Ikjen og Indre Trædal i bakgrunnen. Inngjersla og Sprakane, februar 2001. Sprakane i vårdrakt. Bruket til Ingunn og Arne Østerbø er utan tvil det mest velstelte i bygda. Ja, kanskje i heile kommunen.
Haugen. Herdis og Arne i sving med utbetring av kalvegarden 2001. Tjønna i Ytre Trædalen er ei lita perle som det no er slege rundt. Var det like mange folk som måsar her stod det ikkje på... Desse to nøsta har hatt sin oppvekst på taket av brannstasjonen.
Til toppen
 


© Bjarte Myren
Ver snill å referer til Ikjefjord på nett ved all bruk av materiale frå desse sidene.
Ansvarleg redaktør: Bjarte Myren Tlf: (+ 47) 577 10561
 E-post: bjarte.myren@ikjefjord.no