Til velkomstsida
Ikjefjord på nett.

Om Ikjefjord
Kart

Grendahuset ] Julemesse 2000 ] Ungdomslaget ] Idrettslaget ] Firkløveren 4H ] Skule og barnehage ] Utmark ] Stort og smått ]

Eikeneset Feriehytte

Kultur og arrangement
Miljøtiltak
Folketalsutviklinga
Vekst og vêr
På bygningsfronten
Litt forskjellig
Av: Bjarte Myren
Kultur og arrangement:
10. februar skipa lokale eldsjeler til skidag for småe på bøen til Norvald og Veslemøy. Det var i knappaste laget med snjo, og dagen etter var den vekk. Likevel fekk dei frammøtte prøve seg både i og utanfor løypa.
Skjærtorsdag
12. april var ein travel dag òg dette året. På ettermiddagen var det basar med gevinstar av alle slag. Oppmøtet var bra, og overskotet likeeins. Dette året gjekk det dessutan an å kjøpe lodd her på Ikjefjord på nett. (To gevinstar vart vunne av dei som handla elektronisk.) Alle kronene gjekk til grendahuset, som dermed kom ut med positive tal i rekneskapen.
Om kvelden tok dei yngste danseskoa på, og svinga seg til takter av Led heads. Dette er ei gruppe som veit kva vår tids danseløver vil ha, og stemninga i salen var nesten som i "gamle" dagar.
17. mai vart dette året feira med Brekke skulemusikkorps fyrst i toget, noko som medførte endringar i programmet. For at dei skulle rekke over alle oppdraga, laut dei begynne hjå oss, og då nytta det ikkje å begynne til "vanleg" tid. Festnemnda nytta dette godt, og baud likegodt på skikkeleg kjøtkakemiddag i tillegg til den uunnverlege mylsa til Herdis. Dette såg ut til å slå godt an. Kari Brekken heldt årets tale, - og frysen var full av is.. Omlag 60 fekk med seg denne høgtida.
Festen heldt fram om kvelden med underhaldning, konkurransar og leikar, og frammøtet var på rundt 80. Skyene trua litt tidleg på dag, men trekte seg gradvis unna.Kyrkjebø skule- og ungdomskorps under leiinga av Lise Berge spela for Ikjefjordingane.
2.-3. juni
var dei gjestfrie Ikjefjordingane vertskap for Kyrkjebø Skule- og Ungdomskorps. Dei avslutta korpsåret med ein turné på sørsida av kommunen. Hjå oss fekk dei heile grendahuset med alle fasilitetar til disposisjon, og som takk gav dei bygdefolk og tilreisande ein flott konsert på sundagen.
Jonsokafta vart ein knalldag - sol, varme stille, og - myggfritt. Omlag 80 møtte.
Haustfesten til Firkløveren 4H den 14. oktober samla fullt grendahus med folk frå Oppedal og Ikjefjord. I år var det 27 medlemar som hadde stilt ut resultatet av oppgåvene dei hadde hatt dette året. Dei baud òg på mat og underhaldning.Slik var det 2. juledag 2001.
2. juledag vart ein vedunderleg vinterdag med nysnjo og klårvêr. Prost Geir Sørebø stod for det åndelege, og skule- og barnehageungane for det kulturelle. Festen vert kanskje best hugsa for den nye 

Meir om ungdomslaget sine arrangement finn du her.


Til toppen

Miljøtiltak:
Arbeidet med planlegging av Områdetiltak i Ikjefjord var inne i sitt siste av i alt tre år. Eit år kor fokuset var på gjennomføringa av påbegynte tiltak. På Granden vart alt det tunge maskinarbeidet unnagjort, og i Vassdalen kom ein godt i gang med prosjektet Vassdalsvatnet rundt. I arbeid med fiskekultivering av vatnet tok ein i bruk storruse og oppdrettsmære for å kunne selje fisken til BKK. Av ulike årsaker som ein veit, og sikker nokon som ein ikkje veit, vart fangsten ikkje som forventa.
Arbeidet med å finne ut korleis ein skulle få rydda opp i dei gamle sandtaka gjorde framsteg. Alle papir vart det orden på, og kommunen har budsjettert med pengar til gjennomføringa. I "Svåsandanlegget" vart det begynt med skogrydding.

Nyinnkjøpt storruse under utsetjing.

 

Skogen er hoggen rundt det som er att av sandsiloen til Svåsand.

Til toppen

Folketalsutviklinga
var ein smule negativ dette året. Dei som året før hadde flytta inn, flytta no ut att. Ein ungdom flytta austover, medan andre tok til på vidaregåande- og høgare utdanning. Me må berre håpe dei kjem klokare att seinare!
Ingen nye kom til verda (men ein er i kjømda), og eit langt liv tok slutt: Betsy Laila Brekken f. 1887 døde den 9. desember.

Til toppen

Vekst og vêr:
Brrrr for ein kulde! Ikkje sidan Per Myren feira 50 år nyttårsafta 1978 har det vore så kaldt i Ikjefjorden. Kaldast var det den 5. februar då ein enkelte stader målte -17 grader. Men kaldt vêr er ikkje berre til plage: Det var tåe, slik at isen på Vassdalsvatnet vart blank og sterk. Mange prøvde seg på skeiser, og underteikna våga seg utpå med traktoren.
Telen sat lenge i, og ikkje før langt ut i april var det råd å prøve plogen. Sidan var det vekslande tilhøve under våronna, men 1. halvdelen av mai var flott. Då var det ergeleg at Felleskjøpet ikkje klarte levere frø i tide..
Juni var brukbar medan det i juli og august var noko meir fuktig. Dette skapte store vanskar med 2. slåtten for fleire, og grasavlingane varierte frå gode til under middels. Kvaliteten vart nok for alle litt redusert.
Grunna lite snjo i fjellet, vart det heller tidleg haust der. Der var på det jamne med molter, men store, fine blåbær. Nede i liene var det mindre med den sorten. 2001 var på det næraste eit uår for jordbær, og dei var vanskeleg å oppdrive.

Til toppen

På bygningsfronten

I fjosen i Nedre Myra skjedde det store omveltingar. Som den siste som la inn røyrmjølkeanlegg, kunne Bjarte no skilte seg med å vere den fyrste i bygda med vaskeautomat, mjølkemåling og automatisk avtaking. Ein heller stor overgang frå å mjølke i spann

Anneks er "inn" for tida. Fam. Sørevik i Sandvika tok dette året til på sitt. Ei fullt utstyrt hytte på vel 40 m2.
Terrassefeberen rådde enno, og både på Brekka og på Teigane vart det sett i gang arbeid med slik trivnadsflate.
Montør Ole Håvåg finjusterar elektronikken.

Det vart fullt på mjølkeromsveggen.

Nyehytta i Sandvikane.

Til toppen

Litt forskjellig
Etter å ha lege brakk i nærare 30 år, vart bøane rundt tjørna i Ytre Trædalen slegne. Henny og Terje, som no er dei einaste bøndene i Trædalen, skal framover bruke òg desse bøane til fôrdyrking og beite for sauene sine. På denne måten er no alle Trædalsbøane tekne i bruk att.

Då tunnelen gjennom Ramberget kom i 1989 vart gamlevegen rundt gjort om til privat veg, og har sidan lege urørd og ustelt. Men våren 2001 tok vegeigarane seg saman og fekk reinske den elles så koselege vegstubben for nedfall og groe.

På Inngjerdsla har dei ein Kanal på tvers av flatene. I 2001 vart det lagt ned ein god del arbeid med å reinske opp, og pynte langs denne.

Heilt mot slutten av året tok arbeidet med å skifte ut gamle og montere nye vegljos i bygda til, og til jul var Ikjen vorte langt ljosare på kvelds- og nattetid enn før. I alt skulle det setjast opp omlag eit dusin nye lyspunkt og alle dei gamle skulle bytast ut med flunkande nye fotocellestyrte armaturar

Nyslegne bøar rundt tjørna i Ytre Trædal.

Rambergvegen etter oppussinga.

Jarle Martin der brua over kanalen på Inngjerdsla skal komme.

Til toppen

 

Båttur på Ikjefjorden ] Det hendte i 2000 ] [ Det hendte i 2001 ]


© Bjarte Myren
Ver snill å referer til Ikjefjord på nett ved all bruk av materiale frå desse sidene.
Ansvarleg redaktør: Bjarte Myren Tlf: (+ 47) 577 10561
 E-post: bjarte.myren@ikjefjord.no