Til velkomstsida
Ikjefjord på nett.

Om Ikjefjord
Kart

Grendahuset ] Julemesse 2000 ] Ungdomslaget ] Idrettslaget ] [ Firkløveren 4H ] Skule og barnehage ] Utmark ] Stort og smått ]

Eikeneset Feriehytte

Firkløveren 4H
har medlemar frå både Ikjefjord og Oppedal. Klubben har nærare 30 aktive medlemar frå 8 år og oppover. I tillegg kjem det nokre Alumnar (ferdig med oppgåvetida). Klubben vart starta i 1986, og har kvart år etter det drive med tradisjonelt 4H-arbeid. 

Medlemane er svært aktive, og deltek på møter, kurs og leirar. Dei vel seg kvart år eit prosjekt å arbeide med, og stiller ut resultatet på haustfesten.



 

Rådgjevarar A og kontaktperson:
Marit Gjersvoll
, Tlf:577 84553


Haustfesten 2002.

Sundag 27. oktober var dagen for å stille ut oppgåvene og by Oppedalingar og Ikjefjordingar, slekt og vener til haustfest. Festen vart ein suksess, takk vere godt frammøte, og stor innsats frå medlemane før og under festen.


Firkløveren 4H Sognemeister 2001.

På årsmøtet til Sogn og Fjordane 4H 16.-17. mars, blei klubben vår tildelt diplom for årets klubb i Sogn i 2001. Det er ei årleg utmerking til ein klubb i kvart fogderi der ein m.a. vektlegg aktivitetar og tilskipingar i klubben, og deltaking på andre 4H-arrangement. Det er fyrste gongen me får denne utmerkinga. Kløveren 4H frå Nordfjord vart årets klubb i fylket.

 


Under ser du litt meir om kva aktivitetar me kan ha for medlemane og bygdefolket.

Sommaravslutning:.

9. juni 2001: Alle dei yngste, og ein del av dei eldste òg, fann vegen til Vassdalsvatnet denne fine laurdagen. På programmet stod bygging av gapahuk, fisking og grilling. I tillegg skulle me sjå etter fisk i storrusa. Gapahuken kom me ikkje så langt med, men grunnen vart planert, og stokkar høgde. Etterpå fekk me smake nygrilla Vassdalskjø. Dei var tekne av for dagen, og det kom godt med, for i storrusa var det tomt.

Iherdig innsats med å bære sand ned til..    .. grunnen. Der blei alt lagt fint på plass.    Ein tur i båten med Stig Magne ville alle.    Her vart det fangst!    30 cm og berre 207 gr. Men...

...med ein god smørklatt, rikeleg med salt og krydder...    ...smakte det fortreffeleg. Kjell Magne i aksjon.    Men for nokon skal det vere pølser.

I juni 2002 hadde me klatreaktivitetar på dei store steinane på Teigane som sommaravslutning. Gunnar Aavik frå Os gjorde ein kjempeinnsats som skaffa utstyr, sette det opp, og hjelpte oss med rappelering og sigling i tau. Det kribla godt i mange kroppar denne dagen. Og grillpølsene rakk ikkje å bli kalde...


Mjølkedagen, eller 4h-dagen som den òg blir kalla.

Dei siste åra har klubben samla seg om eit tilbod frå Brekke Idrettslag om å arrangere kafé i samband med "Noregsmarsjen" deira. Nokre av medlemane, saman med to vaksne tek seg av planlegginga, og alle må hjelpe til med; baking, rydding eller sal. Bileta under er frå 2001. Då gjekk marsjen frå Barnehagen på Oppedal til ferjekaien og tilbake.

Det finst åpenbare fordelar med å stå bak disken...    Folksomt inne...    ... og fleire som leika ute.

I 2002 vart arrangementet avvikla med skyttarbana på Oppedal som utgangspunkt. Skyttarlaget arrangerte open dag for å vise fram den flotte, nye bana, og Noregsmarsjen gjekk fram i dalen og tilbake. Arrangementet vart eit vellykka samarbeid mellom fleire lag, noko som førte til godt frammøte og godt sal av mat med mjølk i.


Arbeidsmøte.

I mars månad plar me ha eit arbeidsmøte. Dette er ein grei måte å få unna litt av pliktarbeidet i arbeidsbøkene. He er nokre bilete frå 2001:

Her er vi samla til innsats med oppgåvene våre.    Ein del av jentene ivrig med pennen.    Oppedalskarane.    Aspirantane.    Dei vaksne prøver å få orden i papira sine.

Landsleir Voss 2000, vart ein suksess, og utan medlemane frå Firkløveren-, og Sogn og Fjordane 4H, hadde den ikkje vorte den same. Me har lagt ut ein del bilete frå leiren som de kan sjå.

Landsleir Voss 2000 sine heimesider
Her ser du alle medlemane som var på leiren. Oversiktsbilete frå leirområdet på Voss. Sogn og Fjordane

Aspirantleir i Ikjefjorden.

Den 25. til 27. august 2000 var det leir for aspirantar i Ikjefjorden. Deltakarane budde i telt på bøen til Laila og Kjell Arne, og Grendahuset vart brukt som base / innestad. I alt deltok det over 20 born frå vår klubb og naboklubbane. Under kan du sjå litt av det me heldt på med. I tillegg var me på ulike turar.

Leirplassen Ballspel Eit lite uhell Kiosk-kø Felles matstund
Ei som kosar seg på leir Dei største bada Ååå hopp To som nett har hoppa Takk for denne gang

Helsing frå ein amerikanar.

I nesten to veker av sommaren 2000 budde det ein amerikansk IFYE i Ikjefjorden. Han heiter Justin, og er nyutlært landbruksjournalist. Han har skrive nokre ord om det å vere internasjonal 4H-utvekslingsstudent i Noreg, og om det å bu i Ikjefjorden. Alle 9 IFYE -ane på landsleiren. Justin står heilt bak til venstre.

 

Grendahuset ] Julemesse 2000 ] Ungdomslaget ] Idrettslaget ] [ Firkløveren 4H ] Skule og barnehage ] Utmark ] Stort og smått ]


© Bjarte Myren
Ver snill å referer til Ikjefjord på nett ved all bruk av materiale frå desse sidene.
Ansvarleg redaktør: Bjarte Myren Tlf: (+ 47) 577 10561
 E-post: bjarte.myren@ikjefjord.no