Til velkomstsida
Ikjefjord på nett.

Om Ikjefjord
Kart

Grendahuset ] Julemesse 2000 ] Ungdomslaget ] Idrettslaget ] Firkløveren 4H ] Skule og barnehage ] Utmark ] Stort og smått ]

Eikeneset Feriehytte

Det blei fullt i grendahuset under årets haustfest òg. Ikjefjordingar og Oppedalingar set pris på det arbeidet born og vaksne gjer i klubben, og stiller gjerne opp for å sjå kva medlemane har laga til. Alle dei aktive medlemane stilte ut resultatet av den oppgåva dei hadde valt i år. Til ei slik utstilling høyrer det med arbeidsbok med avtalar, sider som fortel korleis dei har arbeida med oppgåva, melding om korleis det har gått, og for dei eldste; budsjett og rekneskap. Men det mest interessante er kanskje å sjå noko dei har laga, og: - bilete frå oppgåveløysinga.

Oppgåvene skal til slutt vurderast av kunnige, og dei har ein hard tørn før dørene opnar, med å studere innhald og gje kommentarar. Desse får så den enkelte medlem saman med merke og diplom som ei avslutning på festen. I år var det Roger Strandos for Sogn og Fjordane 4H og Oddvar Østerbø for hovudsponsoren Sparebanken Sogn og Fjordane som stod for denne markeringa.

Litt underhaldning gjer seg og i det haustmørket sig på, og denne oktobersundagen fekk dei frammøtte sjå teaterframsyninga "Lausøyre eller andre løysingar". Eit songspel som handla om mobbing og hersing.
Koldtborda var dekka med allskens godsaker, og ein fekk prøve lukka i lotteriet. Kjøpelysta var stor, og åreseljarane laut skrive på mange nye årer. Takk for støtta! og vel møtt neste år.

Under ser du ein del bilete frå festen. Peik på dei, og det kjem fram ein tekst til kvart av dei etter kvart.


 

Billettseljar må ein ha skal det verte pengar i klubbkassen. Det var og i år utstilt oppgåvearbeid av ulikt slag. Her ei felles bakarutstilling. Hjortejakt er kjekt, og då må ein ta jegerprøva. "Avløysaren", alltid ei grei oppgåve for dei største. Ei av dei få som går med overskot.
Teaterstykkje er i gong. Ida kjem trist heim etter nok ein tung dag på skulen. Ho er trøytt og legg seg  nedpå litt. Ida sovnar og drøymer om eit samfunn der bjørnar er triste fordi dei er så store. Kaninane derimot struttar av sjøltillit. For Birdie hadde bestemnt at: KANINAR ER TOPP!
Desse to fuglane lit heit og fullt på Birdie. Men då Birdie får høyre at det skal byggjast veg gjennom skogen, flytta han derifrå. Då var det Ida, som og var med i draumen, klarte å få bjørnar og fuglar til å stole på seg sjølve att. Publikum fylgde spent med på dramaet. Som naturlegvis enda godt, og den vesle jenta vakna frå draumen med eit langt betre sjølvbilete. Etter fine songar og gripande innhald, kunne skodespelarane ta imot ein velfortent applaus. På kjøkenet hadde nokre av rådgjevarane gjort klar mat i mengder.
Det vart dekka bord i begge endar av salen, og folk strøymde til. Kven får vel ikkje vatn i munnen av denne? Åresal må det vere. Pengar i klubbkassen, og spennande minutt for store og små. Til slutt er det er mange som skal heidrast. Merker, diplomar og kommentarar til medlemane, men og litt merksemd til oppgåvedommarar og rådgjevarar. - Kari Agnethe for å ha vore rådgjevar i ti år.
Firkløveren 4H takkar alle som har vore med å støtte klubben!


Justin frå Nebraska ] Landsleir Voss - 2000 ] [ Haustfest 2002 ]


© Bjarte Myren
Ver snill å referer til Ikjefjord på nett ved all bruk av materiale frå desse sidene.
Ansvarleg redaktør: Bjarte Myren Tlf: (+ 47) 577 10561
 E-post: bjarte.myren@ikjefjord.no