Til velkomstsida
Ikjefjord på nett.

Om Ikjefjord
Kart

[ Grendahuset ] Julemesse 2000 ] Ungdomslaget ] Idrettslaget ] Firkløveren 4H ] Skule og barnehage ] Utmark ] Stort og smått ]

Eikeneset Feriehytte

Ikjefjord Grendahus er staden for felles innandørsaktivitetar i bygda. Huset ligg sentralt til, og er eineståande i sitt slag i nærområdet vårt. Over finn du aktuelle koplingar.

vinter.jpg (21088 byte)       Her er det plass til mange, både bilar og folk.

På nokon bilete står det litt meir tekst. Klikk på eit bilete for å sjå det i større format. For å kome tilbake til denne sida må du bruke returknappen på internettlesaren.

Styre:
Leiar: Leif Brekken
Tlf: 577 10555

UtleigarBente Lene Myren
Tlf: 577 10560

Medlem:   Wenche Røkenes
Medlem:   Henny Instefjord
Medlem:   Veslemøy K. Årnes

E-post: grendahuset@ikjefjord.no

Rekneskapsførar: Oddvar Østerbø

Bruksområda til Grendahuset kan vere så mange: T.d. feiring av fødselsdag, konfirmasjon og bryllaup, kurs og møter, dans og diskotek, underhaldning, kino og trim m.m. Leigeprisar frå kr 200,-
I tillegg til alt dette ligg det godt til rette for at du kan ha arbeidsplassen din her. I kjellaren er det nemleg
ledig kontorareal som fort kan tilpassast ditt behov.

Bryllaup                 Skodespel                  Dans på lokalet.  
Frå venstre:
1) Salen pynta til bryllaup. I dette tilfellet til vel 60, men 100 går òg fint.
2) Teaterframsyning med Kyrkjebø Ungdomslag.
3) Dans med Joker.


I underetasjen held biblioteket til Det er eit av dei mest brukte pr. innbyggjar i kommunen, og har ope kvar torsdag kl. 16:00 - 18:00.

Liv har kontrollen på biblioteket                 Ein grei stad å vere ein torsdags ettermiddag

Grendakontoret i kjellaren er eit populært rom. Det gamle bankkontoret er teke i bruk som bygdefolkets felles kontor til lagsarbeid, områdeplanlegging og elles når nokon treng ein fredeleg stad å arbeide. Her er det kopimaskin, datamaskin, skannar, lamineringsmaskin, forskjellig nyttig litteratur m.m. Det er "døgnope" i den forstand at den som er brukar låser seg sjølv inn og er ansvarleg for bruk og betaling.

surfing.jpg (78611 byte)                 gitar.jpg (77352 byte)  

Jin "på datamaskina", og Maja med gitaren.

Storstove i kjellaren er i utgangspunktet eir aktivitets- og opphaldsrom, mest for ungdommar. Her er meir.

Storstova pynta til Stine Årnes sin dåp 2. september 2000.             Ein spent gjeng framfor lerretet.             Frå eit møte i studieringen om "Standarder for eit berekraftig norsk skogbruk".             Frå opninga.

Kafé "Kosekroken" ligg der postkontoret var før. Den har som regel ope ein onsdag i månaden. Den er dugnadsdriftige "eldre" koner som står for drifta.. Erna serverer vafler på kafeen.

 

[ Grendahuset ] Julemesse 2000 ] Ungdomslaget ] Idrettslaget ] Firkløveren 4H ] Skule og barnehage ] Utmark ] Stort og smått ]


© Bjarte Myren
Ver snill å referer til Ikjefjord på nett ved all bruk av materiale frå desse sidene.
Ansvarleg redaktør: Bjarte Myren Tlf: (+ 47) 577 10561
 E-post: bjarte.myren@ikjefjord.no