Ikjefjord på nett.
[ Grendahuset ] [ Julemesse 2000 ] [ Ungdomslaget ] [ Idrettslaget ] [ Firkløveren 4H ] [ Skule og barnehage ] [ Utmark ] [ Stort og smått ]
Eikeneset Feriehytte
| |
Ikjefjord idrettslag har vore i samanhengande
drift i snart 30 år. I dei første åra var aktiviteten stor, med
deltaking i fotballserie, friidrettsstemner og skirenn. Laget hadde òg
sjølv ein del arrangement. Best kjent er kanskje
"Ikjefjordleikane", eit friidrettsstemne som gjekk føre seg på
skuleplassen, og "ski-køpp'en", eit samarbeid med Bjordal og
Oppedal.
I seinare tid har laget sine aktivitetar vore
volleyballtrening i Grendahuset, trimpostar i fjellet, og trimturar. Om sommaren har det
dei siste åra teke seg oppatt med fotballsparking på Granden.
|
Trimpostane i fjellet
finn du (om sommaren) på: Teksfjellet, Massnesstølsvarden, Høgeloftet, Skorvevarden,
og Holedalsvarden. Du finn ei bok på kvar stad. Den er gøymt inni
varden, men leitar du, så finn du den. Skriv namnet ditt inni boka. Det
vert premiering til dei flittigaste, og etter trekning.
|
Anlegget på
Granden er i nyare tid ombygd til fotballøkke,
sandvolleyballbane, park og ei flott badestrand. |
Leiar for Ikjefjord Idrettslag er:
Veslemøy Kolle Årnes, tlf: 577 10559 Send
e-post til idrettslaget.
|
|