Til velkomstsida
Ikjefjord på nett.

Om Ikjefjord
Kart

Grendahuset ] Julemesse 2000 ] Ungdomslaget ] Idrettslaget ] Firkløveren 4H ] Skule og barnehage ] [ Utmark ] Stort og smått ]

Eikeneset Feriehytte

I alt rår grunneigarane ifrå Ytre Trædal i vest til Sørevik i aust over nærare 100 km2 utmarksareal. Her er det fleire gode fiskevatn, og eit variert jakt- og turterreng.

Her har Terje lagt ned ein kronhjort på omlag 100 kg i Haukedalen november 2000. Den prøvde å lure seg opp lia litt framfor Terje, men der feilberekna han "bureisaren" i Ytre Trædalen.Hjortejakta er den aktiviteten som både engasjerer flest og kastar mest av seg. I alt er det 6 aktive jaktvald for hjort, og dei siste åra har det vorte felt nærare 50 dyr. Dette svarar til ein førstehands kjøtverdi på bort imot 200.000,-  kroner. Dersom potensialet med jaktoppleving hadde vore utnytta maks, ville verdiskapinga ha vore mange gangar så høg. Meir om hjortejakta: Hestebotnbruna jaktlag.

Elles blir det drive ein del jakt på rype i fjella, og det er utleige av fjellbeite for smale. Frå og med sommaren 2000 vart det mogeleg å kjøpe fiskekort for vatna i området til Ikjen og Indre Tredal. I Stordalen er det i samarbeid med grunneigarar i Masfjorden lagt ut eit stort tal hyttetomter for bygsling.

Grunneigarane har organisert på ulike måtar for å samordne utnyttinga av utmarksressursane. Lengst er ein komen i Ikjen og Indre Tredal, der dei skipa Ikjefjord Grunneigarlag i 1999. 


Oversikt over grunneigarsameiger og kontaktpersonar:

Sørevik: Ikjen: Bjarte Myren
Massnes: Indre Tredal: Bjarte Myren
Massnesberg: Einar Eithun Ytre Trædal: Terje Instefjord
Østerbø: Oddvar Østerbø

Andre sider på Internett:
Skoginfo Villmarkssida Direktoratet for naturforvaltning
Jakt og friluftsliv, skogbruksstoff. (Litt treg.) Mange artiklar om jakt, fiske og friluftsliv. Lovar og reglar, forvaltning.

Norges Skogeierforbund NIJOS
Skog- og utmarksorganisasjonen Norsk Institutt for Jord og Skogkartlegging

 

 

Grendahuset ] Julemesse 2000 ] Ungdomslaget ] Idrettslaget ] Firkløveren 4H ] Skule og barnehage ] [ Utmark ] Stort og smått ]


© Bjarte Myren
Ver snill å referer til Ikjefjord på nett ved all bruk av materiale frå desse sidene.
Ansvarleg redaktør: Bjarte Myren Tlf: (+ 47) 577 10561
 E-post: bjarte.myren@ikjefjord.no