Til velkomstsida
Ikjefjord på nett.

Om Ikjefjord
Kart

Grendahuset ] [ Julemesse 2000 ] Ungdomslaget ] Idrettslaget ] Firkløveren 4H ] Skule og barnehage ] Utmark ] Stort og smått ]

Eikeneset Feriehytte

12. november arrangerte Hyllestad og Høyanger husflidslag julemesse i Grendahuset. 16 utstillarar frå Hordaland og Ytre Sogn kunne by på eit variert utval sjølvlaga produkt som dei gjerne ville selje til nyfikne Ikjefjordingar, Bjordalingar, Oppedalingar, Brekkingar m.m. I tillegg var det aktivitetsrom for ivrige små hender. Der kunne dei mellom anna lage armband av tryggleiksnåler og perler, noko det har vore vanskeleg å få kjøpt i år.

Det blei fullt både på parkeringsplassen og inne i Grendahuset denne sundagen. Det var vel omtrent 200 besøkande med stort og smått, og desse la att omlag kr 30.000,- Sjå godt etter på bileta, kanskje ser du di eiga julegåve der!


Ikkje lett å finne parkeringsplass her. Tredreiar Kjell Arne Solli viser fram ein del av produksjonen. Du finn e-post adressa hass annan stad på desse sidene dersom du er interresert i å gjere ein handel. Laila og Ingrid vil og vere med på bilete. Sylvi har laga mykje fin kunststrikk.
Else Gro hadde eit rikt utval, og fekk selt mykje. Lasse Osland lagar steikespå og smørknivar i sprake, og bjørkepinnar til ribba. Øyvind Johansen frå Kyrkjebø har mykje flott karveskurd. Han var godt nøgd med responsen under messa. Pixie Sowerby frå Hyllestad med heile keramikkbyen. Noko for ein kvar smak.
Frå husflidslaget si fellesutstilling. Jens Fosse fortel om knivane sine. Kjell Arne går god for kvaliteten. Dokker i mange variantar. Her var det mykje flott porselen, du.
Damane på Oppedal har ei hobbystove på lemmen på ungdomshuset, og stiller ut under namnet "Kvisten". Dei same damene stod og for kafedrifta under messa. Maten var nydeleg.

 

Grendahuset ] [ Julemesse 2000 ] Ungdomslaget ] Idrettslaget ] Firkløveren 4H ] Skule og barnehage ] Utmark ] Stort og smått ]


© Bjarte Myren
Ver snill å referer til Ikjefjord på nett ved all bruk av materiale frå desse sidene.
Ansvarleg redaktør: Bjarte Myren Tlf: (+ 47) 577 10561
 E-post: bjarte.myren@ikjefjord.no