Desse vatna er med i ordninga:
Myre-stølsvatnet,
Holedalsvatnet,
Strandevatn,
Kvangrøvatn (nord for fylkesgrensa),
Årnes-stølsvatna,
Pinslevatnet.
Fiske i Vassdalsvatnet er inntil vidare gratis.
Abonner på fiskekort!
Fiskekortet kostar kr 150,- pr år, og som abonnent, får du i
tillegg høve til å fiske med eit garn i desse vatna: Vassdalsvatnet,
Årnes-stølsvatna og Pinslevatnet. Dersom det er fleire i familien som vil fiske, kan de kjøpe eit familiekort til kr 300,-. Ta kontakt med
laget.
I fjellet er det og utplassert kvite og grøne postkassar på veg til- eller ved vatnet du vil fiske i. Der skal det vere
ei liste du kan skrive deg på for å abonnere på
fiskekort. I løpet av sesongen vil du så få tilsendt eit personleg,
laminert fiskekort. Det kan og førekome direkte sal ved vatna, og ved skilting i bygda. Kortet skal takast med på
fiske for kontroll. God tur!
PS: Laget brukar i desse dagar betydelege summar
på opprusting av vegar til utmarka, og til fiskekultivering i Vassdalsvatnet.
Kjøp fiskekort, og støtt opp om tiltaka!
Her kan
du betale fiskeavgift til staten. |
SUPERTILBOD:
4 garn i ei helg for kr 100,- i Årnes-stølsvatna og Pinslevatnet. Fiskane
skal målast og vegast, og resultatet skal meldast til laget sin
kontaktperson.
Dersom du er
interessert: ta kontakt med
laget
for meir detaljar.
|
Alle årskort for ein jegar med ein hund og eit gevær er selde.
Men me har to vekekort i omløp. Desse har som vilkår at det
ikkje skal brukast hund, og er avgrensa til det sørlegaste området til
laget. Prisen er kr 300,- for sju dagar.
Korta skal takast med på jakt
for kontroll, og sendast / leverast laget sin kontaktperson etter at jakta er over,
påført fangstresultat og observasjonar.
Kontakt
laget
for å bestille kort.
|