Ikjefjord på nett.
[ Grendahuset ] [ Julemesse 2000 ] [ Ungdomslaget ] [ Idrettslaget ] [ Firkløveren 4H ] [ Skule og barnehage ] [ Utmark ] [ Stort og smått ]
Eikeneset Feriehytte
| |
Vassdalen og Vassdalsvatnet har alltid
vore ein idyllisk stad å vere. Etter at skogsvegen kom i 1994 endra dette
bilete seg kanskje noko, men samstundes opna det for nye mogelegheiter.
Grunneigarane har no kome godt i gang med arbeidet som skal gjere Vassdalen
til ein meir attraktiv stad for friluftsliv og rekreasjon.
Fiskekultivering
Prosjekt Vassdalsvatnet
rundt
|
|
Hausten 2000 starta me med regulering av
fisketettleiken i Vassdalsvatnet. Fisken der er liten og mange i talet.
På to kast fekk me omlag 300 fisk. Minuset var at på botnen var det
felt mykje greiner, så det vert ein del etterarbeid. I tillegg er det
nokså djupt på kastestaden (ved osen på Selbøen) slik at mykje fisk
kunne komme seg unne under nota. Den 23. mai 2001 kom derimot "fiskerevolusjonen" til
Vassdalsvatnet. Gammal fangstreiskap i ny utforming skriv firmaet
Innfisk AS i brosjyra for sine storruser til innlandsfiske. Som vist
på TV kan dei og bruke no, etter å ha fått god omtale og reklame
på NRK. Jon Løyland, produsent av rusene, var med denne onsdagskvelden
og hjelpte oss med monteringa. Då var dei heile gjort på nokre få
timar.
Knut Erlend, som skal
stå ansvarleg for fiske, kunne stolt fortelje at allereie føremiddagen
etter var det 29 fisk i fangstrommet, og sundag sama veka var der 102 stk.
Dei 29 første vart alle målte og vegne, og resultatet av det vart som
venta: Snittvekta var 106 gr, -lengda 24 cm. Gjennomsnittleg K-faktor var
på 0.77.
Fyrste fiskesesongen gav i overkant av 1000 fisk, med ei toppvekt på
273 gr. Erfaringane fortel oss og at rusa fiskar best vår og haust, og
truleg hadde resultatet vore endå betre om me hadde kunne sett den på
litt djupare vatn. Men all fangst gjer at målet om større fisk i
Vassdalsvatnet er nærare. Ynskjer du å hjelpe oss med dette, kan du ta
med deg fiskestonga ein ettermiddag. Dersom du i tillegg har fiskekort for
fjellvatna våre, får du dessutan fiske med garn i Vassdalsvatnet. Fisken
smakar godt, og går heil i steikepanna...
Innfisk
AS sine heimesider.
www.fishbooking.com
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Til toppen
|
Parallelt med fiskekultiveringa skal me gjere området langs med vatnet
meir tilgjengeleg og pent for augo. Dette arbeidet tok me fat på i januar
2001 medan det enno var snjofritt. Frist for ferdigstilling er hausten
2003, noko som bør gå greitt.
Omtrent slik var status ved utgangen av september 2002:
Selbøvika og Selbøen: parkeringsplassar er ferdige, stien er utbetra, og
bryggja er ferdig. Infoskilt, bålgrue og teltplass er ikkje ferdig.
Vassbakken: dei to nausta manglar berre vindskeier, skråningane er
dekka med jord, bordet er på plass, vegen ned
til bryggja manglar berre øverste gruslaget, og mesteparten av arbeidet
med bryggja er gjort. Benkar, grill og infoskilt manglar.
Langs stranda: arbeidet med å reinske stien og betre tilkomsten
til den er ferdig. Det står att å pynte vegskråning og grøfter.
September 2003 vart arbeidet sluttmeldt - og utført i tråd med planen.
Legg peikaren på bileta under, så finn du meir tekst.
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|
Til toppen
|
|