Til velkomstsida
Ikjefjord på nett.

Om Ikjefjord
Kart

Grendahuset ] Julemesse 2000 ] Ungdomslaget ] Idrettslaget ] Firkløveren 4H ] Skule og barnehage ] Utmark ] Stort og smått ]

Eikeneset Feriehytte

Hestebotnbruna jaktlag vart formelt skipa i 2000. Laget har i dag 13 medlemar, og driv hjortejakt i området til Ikjefjord Grunneigarlag. Me er ein flott gjeng (tykkjer me sjølve i alle fall) som har det kjekt på jakt ilag. Laget byggjer på godt opparbeida jakttradisjonar i Indre Tredal og Ikjen  med Svein Høyland og Leif Brekken i spissen. Til vanleg jaktar me kvar laurdag, og dersom du er interessert i å vere med: me tilbyr gjestejakt. Me tek med inntil 2 om gongen til berre kr 300,- pr jeger pr dag. Innmat og evt. trofé tilkjem skyttaren. Kjøt kan me ikkje love, men til ein god pris får du sikkert kjøpe hjå ein av oss. Interessert? Kontakt Bjarte.

Leiar for laget: Bjarte Myren. Jaktleiar: Kjell Arne Solli.

Under finn du skildringar som me meinar er representative for hjortejakta i vårt område. Siste reportasje er frå 2003. Lenger nede på sida kan du sjå korleis det gjekk både i 20022001og  2000.


Andre sider på Internett:

Norsk Hjortesenter på Svanøy Jegerregisteret Jeger hund og våpen Skoginfo
Norges Jeger- og Fiskerforbund Måneskinsjakt i Stryn. Gamle jakthistorier frå Sunndal  
Det frivillige Skyttarvesen Oppedal Brekke Skyttarlag Reglar for hjorteprøva  

13. september 2003: Endeleg er dagen komen, no skal det svettast, sansane skjerpast, og venskap styrkast. Det er knytt stor spenning til årets jakt. Aldri før har det vore sett så mykje hjort på bøane seinsommars, og teljing i vår saman med observasjonar sist haust har medført ein auke i kvoten frå 12 til 14. To av desse er tekne som skadeløyve på førehand, men det skulle likevel vere att ein hjort til kvar av oss.

Kjell Arne leiar jakta i år òg, og han har sendt tre postarar av garde tidleg. Ein av dei er Bjørnar, med for fyrste gong som jeger. Oppdraget er som fylgjer: Tett Tverrgavlen! Dei tre finn etterkvart ut kvar dei skal sitje, men vinden er ikkje god, og basen må avgjere om jaget skal gå som planlagt. Ikkje så lett kanskje, men det vert bestem at me skal prøve. Alle medlemane stiller med folk denne dagen, og då skal det vere godt mogeleg å få dyra opp den bratte lia i Tverrgavlen. Og dersom dei ikkje vil opp, legg me att nokre bakpostar på oversiktlege stader lenger nede.

Jaget er i gang, og det går ikkje lengje før Arne ser eit dyr like over seg under Husefjellet. Han tek seg ein snartur tilbake, men dyret er borte vekk. Dei på andre sida må no vente litt. Så høyrer me kviskring på radioen; det går noen dyr foran meg. Det er Kai Helge som på ekte Høyanger-mål vidareformidlar spenninga han kjenner. Etter litt stille venting kjem jaget i gang att. Dei frå vest kjem på linje over Blåfjellmyrane. Kjell Arne er komen med frå ein mellompost, rekkja og tel no i alt 5 jagarar på denne sida. Jager er no inne i ein kritisk fase. I dette området har det ofte kome dyr imot, så det gjeld å vere på vakt! Og det er ikkje tvil om at det er hjort i nærleiken. Fleire melder om sett hjort. Og so kan moroa ta til: Det går eit skot under Blåfjellet, og like etterpå eit i Tverrgavlen. Kurt Richard har skote etter ein kalv. Tydelege blodspor lovar godt for resultatet, og snart kan han motta gratulasjonar for å ha fellt sin fyrste hjort. Men her er det fleire! Det lèt i den skogtette lia av hjortar som spring, Alfred ropar høgt, litt forferda over kva han ser: Tre dyr spring rett forbi han utan at han kan gjere noko for å stoppe dei. Dei finn vegen mellom to jagarar, og forsvinn inn i tjukkaste granskogen. Bjørnar melder at han har skote mot ein hjort, men er usikker på om han skal forlate posten for å sjå korleis det gjekk. Han vert råda til å vente. Og medan Kurt Richard vommar ut, smell det like godt to skot på austsida av dalen! Kai Helge kan raskt fortelje at han og Kurt Arve har fått kvart sitt dyr, og at ein heil flokk snudde frå dei. No er det altså to dyr til som må opnast, og det vert ein pause i jaget. Då er det Jim sin tur - til å sjå tre hjortar fare forbi i stor fart. Det vart for stor avstand opp til neste med gevær, og det visste hjortane å utnytte.
Litt seinare kan jaget komme i gang att, no med fire bakpostar, to på kvar side av dalen. Og i Tverrgavlen smell det igjen - og igjen! Stakkars Bjørnar, han veit snart ikkje kor mange- eller kva slags hjortar han har sett - eller skote. Det byrjar smalne til, og snart er det kontakt mellom jagarane frå dei to sidene. Berre litt til no so er me oppe, tenkjer me. Då ropar Kurt R om ein bukk rett framfor seg. Men berre litt etterpå er den bakom han. Me får stole på bakpostane. Dei får melding om å vere på vakt. Men Alfred har ikkje kjøpt seg radio enno, og veit ikkje kva som er i ferd med å skje. Kjell Arne derimot veit det, og får auge på den lydlause bukken. Berre litt til no so har eg deg, tenkjer han. Men så får hjorten auge på Alfred, og då går det denne gongen som så mange gonger i fjor: Kjell Arne står att uti skogen, ristar på hovudet og lirer or seg det eine ukvemsordet verre enn det andre. (Trur eg.) På andre sida av dalen har dei hatt kontakt med ein pir, men heller ikkje den vart "vår". Me er no komne til i alt 18 sette hjortar, og fem av dei er no våre. Heilt klart rekord for Breidalen. For Bjørnar hadde treft både den fyrste og den andre. Resten for forbi på ein "ny" stad. Stemninga er høg, nesten litt heilag, og latteren brakar laus når Bjørnar dreg av seg hetta på jakka, og ein raud liten halvmåne kjem til syne over det auget som han siktar med. Ja, ja, den rosa har me fått fleire. Skulemeistaren har hatt ein dag han seint vil gløyme. Skal tru om han får sove i natt.

14. september: I år har me bestemt oss for å vere litt ivrigare tidleg i jaktsesongen i håp om at det gir ferre bomturar. Der er sør-vestleg vind, og det skal jagast i Vasslia, og evt. seinare ned Galjebotn. Men for ikkje å gjere dette til ei heil bok, kan det seiast at me såg 6 eller 7 dyr i Vasslia, og Arne fekk has på ein bukk. Truleg var den mykje større den Bjarte såg midt nedi lia. Litt vriden vind på toppen gjorde truleg at dyra ikkje ville opp, Jim hadde nemleg heile 4 dyr på besøk, men dei kom ikkje langt nok.
Neste jag gjekk frå der det fyrste enda og heilt inn til der Husefjellet svingar inn i Breidalen. Takk vere eit godt organisert jag der jagarane heldt ei god linje, fekk me det einaste dyret me såg; Bjarte skaut ei åringskolle på post. Den hadde teke ut heilt framom Setane, og kom småluntande, og uvitande om kva som venta.
Vel, fyrste helga er over. På låven heng det 7 hjortar til mørning. Berre 5 att.

© Bjarte Myren 2003.

Til toppen
 
Jaktminne frå 2002
Jaktminne frå 2001
Jaktminne frå 2000


25. august 2002: Me tek til laurdag 14. sept. Kjell Arne er ikkje heime, så Kjell Magne har kommandoen denne helga.Ei lita oppstilling til ære for supporterane våre. (Som me reknar med du er ein av.)

14. september: Eit strålande seinsommarvêr tok imot oss til årets fyrste jaktdag. Det er laurdag morgon og postarane tek til på stigninga opp Tatrebotn for å omringe Tredalslia. Jim er alt på plass oppå fjellet, klar til å ta imot både jegerane og det dei eventuelt skremmer føre seg opp lia. Men der kjem det ingen hjort. Tidlegare om morgonen derimot hadde Jim hatt nærkontakt med ein pir i Stølsskaret, men denne gongen var hjorten raskast...
Tredalslia er vanskeleg både å jage og poste, men med nordavind skulle sjansen for suksess vere tilstades. Og det var ikkje lenge før det vart Kurt Arve fortel om opplevinga si til to gjestejegerar utan byrse. meldt om observasjonar av hjort. Og heller ikkje lange før det byrja å kome godlydar frå toppen. Kurt Arve var ikkje sikker på kor mange dyr som kom, han konsentrerte seg om å felle kolle med kalv. Og det greidde han. Litt lenger ute kom det tre større dyr, men i så stor fart at dei ikkje let seg stoppe. Medrekna eit dyr i Botn såg me i alt 8-9 stk denne fyrste dagen. Eit lite føremiddagsjag i Rognehaugane dagen etter medførte ikkje resultat.

21. september: Tverrgavlen, her me kjem! Med Arne som los, er tre gått føre for å vere klar når jaget tek til på begge sider av Breidalen. Losen har innteke Arnenut og ventar i spenning på at noko brunt skal komme opp ein eller annan stad nedom han. Jagarane tek til å nærme seg, og Jim melder om hjortelukt idet han skal klore seg opp på ein hammar under fjellet, men framleis er det ingenting å sjå for Arne. Men sjao dar. Dar kjem da ein pir oppover mellom furuene. Opp på sida av Arne, og - PANG. To steg til, og så er det ein hjort mindre i Ikjefjorden.
            Idet jagarane skal til å hive av seg sekkane, melder basen, som ligg nokre meter etter, om dyr nedom seg på veg innover. Det såg ut som det stoppa inst under fjellet, seier han. Og då er det på'an att. Ned lia, ein lyd som minner om ein hjort som prøver å komme seg opp eit svaberg, mysing mot sola, venting, smyging, - og litt fjellklatring. Nei, den hadde nok sprunge nedatt likevel.
            Men enno var det lyst, og det vart bestemt at fire skulle gå over fjellet og poste rundt Galgjebotn, medan resten skulle ta hjorten med seg nedatt og jage opp liane frå Brekka og Vårstølen. Men her såg me ingen hjort denne gongen. Nokre småskremde storfuglar var alt. Dagen hadde likevel ikkje vore så verst, for om morgonen hadde Bjarte og teke ein pir, slik at me til no har fire av tolv.

28. september: Nok ein tidleg start, men denne dagen var sol og nordavind bytt ut med regn og vind frå vest. Vasslia var første oppdrag. Men der var det ikkje mykje å finne. Då bar det ned Galgjebotn og inn Husefjellslia etter at nokre hadde gått ned Husefjellet og sett seg over Leite. Oppe i Galgjebotn kom det likegodt hoppande ein liten kalv. Kjell Magne var snar i snuen, og sytte for at den ikkje hoppa meir. Men kor var kolla? På vei ned med kalven, kom Kai Helge over ei lita kolle som låg nedst i hamrane, men det kunne ikkje vere den som var mor til kalven. Eller?  Ikkje låg ho lenge heller. Og ikkje for ho rette vegen...
            Jaget er snart slutt då Bjarte med lærling ser eit ungdyr komme heilt under fjellet over Leite. Det stoppar akkurat der dei har rydda greiner, og med 15 meter mellom skyttar og hjort er det lett spel. 
Halvveges til tolv på tre laurdagar. Til å leve med tykkjer me. Berre ikkje alle no skal til Oppedal for å pare seg...

5. oktober: Du verda for ein dag! Å rapportere om alt me opplevde denne dagen blir ikkje lett. Men eg kan kanskje begynne med byrjinga. Dagen er berre vel åtte timar gammal då postarane tek til på stigninga opp Botnebakken. I dag står Tredalslia og kanskje Botn på programmet. Berre halvveges mot toppen ser ein dei fyrste hjortane. Det spring minst tre stykke borti skogen i retning Bjørnehiet. Det er berre å håpe at dei stoppa i Botn eller Tredalslia. Sju jegerar skal plasserast, eit tal som ikkje er for stort til dette terrenget, og andremann har berre så vidt funne seg ein plass då han ser eit dyr ta ut i retning dei andre. Men ingen smell kjem. Noko seinare ser han to dyr til komme frå Svultedalen, men dei er for langt unna.
Kjell Arne skal ha nedste posten, og omsider melder han at jaget kan starte. Men Kjell Arne har skremt ut hjort i dette området før, og tek seg ein liten speidetur nedom kanten... Og der reiser det seg tre dyr som truleg er vortne var jagarane som er begynt å bevege seg mot startpunkta. Han lurer seg fram, men får ikkje fri sikt. Berre ti meter til no, tenkjer han. - Då ljomar det i fjella. Startskotet går. Så høyrer me Kjell Arne på radioen: tre dyr på veg innover i lia! Eg gjentek: tre dyr på veg innover i lia! - Men dei fòr nok utom. Kjell Arne likar å ha oversikt, så han set seg slik at han ser ned i lia. Og det går ikkje lenge før det kjem fleire dyr. Men sjølvsagt ligg vegen deira slik til at han no berre ser i fire øyre og eit gevir som lurer seg utom.
Arne på post, sikker som banken.Elleve dyr sett og ingen skotne. Slett ikkje bra. Men denne dagen skulle det bli meir enn elleve dyr å sjå, og snart kjem det vakker musikk frå fjellet. Arne har felt ein bukk, vår fyrste av den sorten i år, og stemninga stig mange hakk. Jaget nærmar seg slutten då Kjell Arne melder om kvistar som brekk framom han, og det går ikkje lenge før Arne spelar for oss att. EArne med dagens fangst.g fekk ei kolle, seier han, men eg trur det går att ein kalv nedi her. Jagarane skjerpar alle sansar, men nesten oppe tømmer dei våpenet og slengjer det på ryggen. Arne er ikkje heilt nøgd, så han tek seg ein tur mot der han såg kalven. Og med eitt sprett det kolle med kalv ut av eit av dei øverste bjørkekjerra. Dei legg til palings midt i den største opninga mellom jagarane. Og med folk på alle kantar var det kanskje like godt at ingen kunne skyte. Ei kolle hadde passert Arne og, slik at no var me kome til seksten dyr. Men det skulle bli meir...Fyrst jagar me hjorten opp lia, så dreg me han nedatt. Tungvint? Nei, ein sjarmerande trimtur.
Dag er snar med kniven, og kvir seg ikkje med å vombe ut.Etter ein liten matpause, noko slakting (ihelsvoltne Oppedalsramnar kom til med ein gong), og litt skogrydding stod nemleg Botn for tur. Fire drog dei to hjortane etter seg ned lia, og skulle jage opp Botn etterpå. Og så lenge hadde dei ikkje jaga før før det kjem tre dyr opp mellom Bjarte og Dag. Dag klarer kalven, men har ikkje trygg retning til å løyse fleire skot. Bjarte har ei open glenne på sida av seg, og gjer seg klar til å skyte på den som kjem nærast, ein stor bukk. Men når den kjem forbi, er farten så stor at det er umogeleg å få has på han. Kolla er det umogeleg å sikte på. Bjarte spring litt etter, men kongen av Botn er snart over alle haugar. Då kjem den litt mismodig jegeren til at det er betre å sitje bakpå myra, og melder flytting til Dag.
Det går eit kvarterstid eller så, då kjem det to koller lurande opp der Bjarte fyrst sat. Skal tru om dei er ute etter eplet i sekken hans? Bjarte gjer seg klar, og då dei varsamt vågar seg forbi sekken, smell det. Den fyrste kolla spring litt framover og fell saman. Den andre derimot er ikkje meir å sjå. - for andre enn Kjell Arne. Ho kjem akkurat så langt at han kan sjå hovudet på ho, så vender ho heilt om og blir borte. - Det var no utgjort for basen i dag.
Men me har fått fire dyr, og manglar no berre to, så det er ingen grunn til å henge med hovudet akkurat. Og med tjueein sett hjort -opplevingar, mykje spenning og dramatikk, har me alle fått oss ein minnerik dag. Det står berre att å få dyra ned, slakte dei ferdig og henge dei til mørning på låven. Ned Botn er snaraste vegen. Og halvveges nede støyter karane likegodt på fire hjortar til! Då er tale på sett hjort kome i 25! Rett nok har me truleg sett nokon av dei meir enn ein gong, men 20 dyr er det temmeleg sikkert at det var. Aldri har me opplevd maken.

12. oktober: Du verda for ein dag! Nesten ingen ting å sjå, og endå mindre å skrive om.

19. oktober: Du verda for ein dag! Ikkje ei klauv å sjå, sjølv om det kom snjo som ville ha avslørt ein kvar hjortetur. Nei, denne helga var dei visst på Oppedal ein tur...

2. november: I dag er ingenting avtalt på førehand, og det er oppmøte ved Grendahuset for å diskutere og avtale. Ivrige Ronja kjem og, gøyande glad over å sjå kompisane sine att. Men kva er det som rører seg inne på beitet til Dagfinn? Ein, to, nei tre hjortar luffar opp mot skogen. Ikkje veit eg kva som gjekk av oss, men me vart i alle fall berre ståande å måpe. Og i staden for bil og gevær var det kikkarten som vart teken i bruk. Me tenkte vel at desse skulle det bli lett å finne att i skogen etterpå. - Men der tok me feil. Eit kort jag med ein gong, var resultatlaust. Nei, det er berre å setje i gang avtala jag.

Det lakkar og lir på haust. Trea står bladlause, snjoen som fall sist helg har fått eit lag med skare, nesten så sterk at den ber... Postarane gremmast over lyden dei lagar i det nydelege veret. Tre i talet smyg dei seg i retning Hestebotnbruna og Ramberget. To andre skal gjere eit forsøk på å skremme dyr opp til dei. Kai Helge finn ein oversiktleg stad på Ramberget, og gjer seg klar. Her gjeld det å ver stille.

Startskotet har gått i Botn, og jagarane er godt i gang då Sven Olai ropar at eit dyr er på veg opp lia. Litt etter smell det på Ramberget. Kai Helge har fått besøk av ein ung bukk. Men han vart oppmerksam på den ventande litt for tidleg, og vende om akkurat i det skotet gjekk. Hjorten var tydeleg treft, men ikkje å sjå. Kai Helge ventar litt før han bevegar seg mot der han såg hjorten sist. Med eitt sprett den opp og haltar nedover lia. Skyttaren fyl varsamt etter, og etter litt får han fri linje og kort hald. Og då seier vel resten seg sjølv? - Berre ein att.

9. november: Siste laurdagen - siste sjanse. Det har tunnast litt i rekkene no mot slutten. Med austleg vind og berre fem frammøtte må det bli gambling. Men det er jo litt av moroa, det. Me vert samde å prøve lukka i Tredalslia. Tre på post gir ikkje stor odds i dette området, men i dag måtte me satse på den vestlege delen av lia og håpe det beste. Bjarte får fyrste post.

Det er kaldt, det er stilt, det er skaresnjo. Bjarte høyrer noko gå i snjoen aust for seg. det virkar som om det kjem nærare, og at det er ein hjort som småspring. Men det er uråd å sjå noko - sikkert for lagt vekke i alle fall. Men no kjem det ein lyd frå andre kanten, og den er atskilleg nærare. Og der kjem det jammen ein heil liten flokk i mellom bjørkene. Kolle med kalv og ei åringskolle. Å skyte kalv frå kolle, eller omvendt er ikkje det etisk beste, så her laut ein vente til det siste dyret kom langt nok. Men med eit lite vinddrag mot dyra, var det vanskeleg å vite kor langt dei skulle få komme. Ei opning mellom trea litt framfor, på vestsida av posten blei valt, og i det åringskolla passerer, startar dramaet. Pang! - alle dyra snur - eit skot til - dyra spring utover og oppover. Kolla og kalven stiller seg opp hjå neste skyttar, men han veit ikkje om jakta er over eller ikkje. Så dei får komme seg unna. Åringskolla har enno ikkje kome ut frå skogen - kanskje den har falle? Nei, der kjem ho i god fart på tvers av lia. Haldet er langt no, men dyret kan vere treft, så her er det berre trå til, tenkjer Bjarte. Han siktar framfor og litt høgt, og trekkjer av for tredje gong. Og denne gongen fell kolla om, og bonden i Myra kan puste letta ut.

Det er enno tidleg på dag, og til vanleg ville me ha teke eit jag til, men i dag kan me ta oss god tid. Me kan nyte utsikta - for siste gong i år. Jakta er over. Litt vemodig kanskje, for det har vore ei jakt utanom det vanlege. Rekord-mange hjortar har me sett - og skote. Det har vore mange flotte turar, og mange minnerike opplevingar. Då passar det perfekt med ein konjakk på låven etterpå!

© Bjarte Myren 2002.

Til toppen
 
Jaktminne frå 2001
Jaktminne frå 2000


21. august 2001: No er me snart klar igjen... Laurdag 1. september smell det.Her er me klar til avgang frå Tuftene.

15. september: Lenge har det regna og blese frå sørvest. Mange likar det lite, men til hjortejakt er det ikkje eit minus. Men som så ofte før; når jakta nærmar seg snur vinden, og det vert varmare i vêret. Sola skin, og lyden av ein ivrig jegar i fargerikt haustterreng, ber milevis av garde. Ikkje enkelt å lukkast med andre ord. Men høyr dar; Kjell Arne har "tjuvstarta" med å ta ein 80-kilos bukk på bøen til Harald om morgonen. Me er i gang! I tillegg har Bjarte felt ei lita kolle der i august (skadeløyve).
Det er flott på fjellet i september. Denne flotte laurdagen tok me oss av Tatrebotn fyrst. No skulle det nyinnkjøpt sambandsutstyret prøvast! Vel oppe på toppen måtte me berre konstatere at me ikkje klarte å få auge på ein einaste hjort. Det var berre å nyte nistematen i godvêret.

I mangel av fangst tok me til på neste jag: Tredalslia mot aust: Då small det igjen! For ein gongs skuldJim viser stolt fram byttet sitt hadde me flaks:  Jim, som sat ved Stølsskaret, lurte på om han skulle gå med jaget då det med eitt kom ein bukk opp frå Svultedalen. Sannsynlegvis var den skremt opp av jegerar på Oppedal eller i Ytre Trædalen. Men Jim hadde sett ein hjort før, og visste kva han skulle gjere, så lenger kom den ikkje.   
Fleire dyr såg me faktisk ikkje denne dagen, så det var litt forundra, men likevel godt nøgde jaktkameratar som vende nasa mot slakteplassen. Me gler oss til neste helg!

23. september: Ny jakthelg med det mest fantastiske haustvêr ein kan tenkje seg. Igjen prøver mDet er godt med ein liten kvil opp Tatrebotn.e oss i Tredalsområdet.Lunsh ved Stølsskaret. Denne gongen oppover lia. Eit godt organisert jag får fem dyr fram til postarane. Meir skal det ikkje seiast om det enn at når dei hadde komme seg vel forbi grensa til Ytre, stod dei så fint til så. Neste gong veit me kvar me skal sitje...
Me brukte sjølvsagt dagen i godvêret til eit jag i fjellet, men der var det ingen dyr.

24. september: No stod Husefjellslia, Galgjebotn og Vasslia for tur. Kurt A. såg dyr på veg opp til Husefjellet, så no var me optimistar. Vel vart jaget litt lenger enn fyrst tenkt, men desse skulle me få. - Men trur du me såg dei meir? Hm.. I Vasslia derimot hadde Kjell Magne høyrt dyr høgt oppe på veg til post i fyrste jaget, så der skulle me i alle fall lukkast. Bjarte, som hadde budd på post fremst i lia denne dagen, laut no skjerpe sansane. Kjell Magne melde nemleg om dyr på veg fram lia over radioen. Og etter timar med venting fekk han løn for "strevet", og fekk til slutt has på ein spissbukk. Litt etter kom Kurt R. med sveitt panne og kunne fortelje om den største hjorten han nokon gong hadde sett. Den hadde klart å komme seg over toppen og ned i Galgjebotn like etter at han hadde gått frå post oppå toppen. Han fekk litt å tenkje på denne helga, debutanten, etter å ha hatt hjort i siktet begge dagane, utan å kunne skyte. Men denne karen har det som skal til, og gjev seg nok ikkje.

13. oktober: Skodda låg tett då sitjarane gjekk opp Galgjebotn. Så tett at dei berre skimta dyret som sprang føre dei. Men det skulle jagast opp Vasslia, så då var det kanskje ikkje så ille om nokre dyr sprang over kanten og der til. Men då måtte skodda lette. For å gjere historia kort; skodda letta og hjortane kom oppatt. Uheldigvis fekk me berre den eine. Det var Jim som slo til igjen. Denne gongen vart det ein stor spissbukk.

Nokon av oss måtte no gje seg for dagen, men kunne fylgje neste jaget, mot Tverrgavlen, med stor interesse over sambandet. 4-5 dyr var observert tidleg i jaget, og kunne ikkje ha stukke av. No gjaldt det berre å presse dei til fjells. Og endeleg; den herlege lyden av geværskot ljoma i lia. Det er ingen ting som gir ein sliten jagar krefter som nett den lyden.Kveldsskift på låven. Kjell Magne, Arne og Kurt Arve.
Arne hadde teke ei kolle, men dei andre dyra hadde gått mot Kurt Arve. Han venta spent, men lukkast ikkje. Arne derimot, som sat slik til at han kunne flytte seg, forfylgde dyra, og fekk fulltreff på ein kalv òg.

Med tre dyr i bakken, var dette den beste dagen så langt i år, og då får det våge seg at klokka var halv ti før me var ferdige.

20. oktober: Søraust og godvêr. Idyllisk, men vanskeleg jaktvêr, men Tredalslia utover skulle vel kunne gå. Det lukta bukk på vegKai Helge kan no setje strek i lua si. Endeleg... til post. Oi, der fôr det to dyr. "Ver klar Kai Helge!" Men som einaste post på toppen klarte han ikkje desse. Berre to minutt etter at dei hadde passert small det derimot i Svultedalen. Fekk Bergensarane i Ytre Trædal ein Litt våt mose gjer nytten som handvask.av dei? Ja, ja, slikt må ein rekne med.
Litt uti jaget smell det derimot frå posten til Kai Helge. " Eg har fått ein bukk", melder han etter litt. Denne kom litt nærare enn dei to fyrste, og etter utallige jaktturar var det endeleg Kaisi sin tur. Og fleire skulle få sjansen; Kolle med kalv forbi to stader, like ved der me sat, berre litt for mykje skog imellom...

Etter å ha slakta litt, og ete litt, og prata litt, og merka nokre postar, skulle nokon av oss gå ned att Botn. Trur du ikkje det stod ei kolle nesten på toppen, og at ho kom seg forbi oss? Jau då. Men trur du ho kom seg forbi Kjell Arne oppå heia då? Jau då. (Han var ikkje ferdig med skiva.) Litt lenger nede på Ramberget tok Jim seg ut ein post medan dei andre fortsette nedover. - Og der fekk han så vidt sjå i ein bukk! Men; litt for langt nede i skogen til at han kunne gje han ei siste kule. Men no skulle Kjell Arne vere klar! "F..., va da dar dei kom no?!". Han hadde justert plasseringa si etter at kolla smatt forbi. Ein bukk og ei kolle var det vorte til no.
Altso: 1 dyr av 9 eller 10. Ikkje rare fellingsprosenten, men då får trøsta vere at det vert jakt neste helg òg!
Dagen etter vart det i Ytre Trædal skote ei kolle i skogen. Då spratt det opp minst 12 andre dyr like ved! Indre-Oppedalingane talde til 25 dyr i eit jag i Fossedalen laurdag, og i Nordlia baura det minst 2 bukkar same dagen. Hjorten ser altso ikkje akkurat ut til å vere ein trua dyreart her omkring.

26. og 27. oktober: Eg trur det er best desse dagane gåast forbi i det stille. Noko hjort var det nemleg ikkje å sjå. Me får sende tankane attende til speka hjarte og urtemarinert lårtunge i Eikeneset Feriehytte i staden for...

10. november: Vinteren er i kjømda. Snjo i liene gjer det råd å sjå kor dyra har vore. Nokre spor er det på bøane òg, men dyra har berre vore der i mørkret. Denne dagen vart det gjort eit siste forsøk i Breidalen og Husefjellslia. To dyr vart observert, men dei let seg ikkje lokke i den "svarte gryte".

15. november: Då er dagen her; slutt for i år. Viltforvaltaren hjå fylkesmannen har tala: Ikkje meir jakt i år. Like godt  kanskje. "Hurra!" seier ministrane for hus og heim. Av 12 løyver måtte me nøye oss med 8 dyr. Me burde hatt fleire, men slik har det vore før òg. No får me kose oss med dei godbitane det har vorte: Minna og biff- kjøtet. Neste år lyt me nok gå opp Indredalen...

 

© Bjarte Myren 2001.

Til toppen

Jaktminne frå 2000



Under er nokre bilete frå jakta 2000: Ver litt tolmodig med peikaren, og du får ein tekst fram på skjermen. Klikk på bileta for å sjå dei større.

Ein del av karane samla til ein kaffikopp og ein prat. Det var synd med den flotte bukken som gjekk klar. Bjarte har fått si tredje stripe i capsen i år. Ronja er ein ivrig "medhjelpar". Kjell Magne med den største av dei tre han skaut. Slik skal det flåast. Leif er læremeister på låven.
Det vart eit godt resultat andre helga i år. Her heng dei til mørning. Til vanleg får dei henge heile i minst 60 døgngrader. Då blir kjøtet som smør på tunga... Laurdag 23. septembert var me endeleg heldig med veret. Her er me på toppen av Galjebotn, og har fått ein hjort på jag frå Vasslia. Brødrene Kjønås frå Høyanger likar å få sleppe til inni hjorten. Den fornøgde skyttaren nærast. Ein liten kvil på Vassbakken før me tek til på oppklatringa i Nunskårane. Her var det bratt! Kai Helge syner kor han såg ferske spor på Rognehaugane. (På veg opp Nunskårane.)
Endeleg snart oppe! Fin utsikt? Det nermar seg kveld på toppen av Tatrebotn. Ingen dyr i dag heller. Endeleg!!! Det datt ei kolle på toppen av Vasslia. Ein litt forfjamsa skyttar ser slaktemeister Svein tek tak.

31. oktober: Hittil har me lagt ned 8 av ein kvote på i alt 12 hjortar. 7 av desse datt i fyrste perioden. Andre perioden har ikkje vore så vellykka enno: Av omlag 16 tilfelle med observasjonar av dyr, har ikkje me fått meir enn eit på låven. Men tru berre ikkje at me gir opp for det. For slik er det nemleg å drive jakt i tett og ulendt terreng; av og til slumpar me til å få full låve, av og til kjem karane tomhendte heim. Berre trøytte, våte og slitne... 

Før siste helga i oktober hadde me "styremøte" på Brekka. Diskusjonane og kommentarane vart mange, og tida gjekk fort. Så fort at me så vidt rakk ein liten høneblund før årets fyrste fredagsjakt. Dette med å samle så mange som mogeleg ein kveld i jakta, vonar me kan gjerast til ei årleg hending.

04. november: Alfred fekk sin fyrste hjort i år etter eit jag i Tredalslia. Det kom nokre dyr springande litt over han, og busker og kratt gjorde det vanskeleg å få skyte. Men til sist ordna det seg, då ei gjeldkolle stogga mellom trea...

15. november: Eit forsøk på å sanke bøtjuvar i liene over Brekka, mislykkast. Der var nok dyr, men dei fekk det ikkje så travelt. I helga vart det både jaga og lurt, men ingen kom på skothald, og: det er betre å skyte på eit dyr for lite enn eit for mykje.
-Så var det vel over for denne gong. "Nei, vent no litt", seier basen. Grunna låg fellingsprosent andre stader i fylke, vil viltforvaltaren hjå Fylkesmannen opne for hjortejakt i ein tredje periode. Den er ikkje tidfesta enno, men vert over to helgar, og fyrste helga i desember vert ei av dei. (Seinare stadfesta til å vare f.o.m. onsdag 29. nov. t.o.m. sundag 10. des.) Så då lyt me vel til att då, sjølv om konene våre no har starta å lese dikt til oss. Det heiter "Å var jeg en kolle"...

10. desember: På den aller siste dag av ekstraperioden var me mange nok til å ta eit jag i Tredalslia. Men utbytet var magert: ein hjort såg me, og den kom seg unna med god margin. Det virkar som om dyra har fått nok, og funne seg andre tilhaldsstader. Med 9 felte dyr av ein kvote på 12 er me nok litt skuffa. Men det får me leggje bak oss, det er jo jul snart og berre 9 månader til neste jaktperiode... Med det seier me takk for i år, og går i hi til neste haust. Konklusjonen får bli: Hjort er eit vilt det er vanskeleg å lure.

© Bjarte Myren 2000
Til toppen

 

Ikjefjord Grunneigarlag ] [ Hestebotnbruna jaktlag ] Stordalen ]


© Bjarte Myren
Ver snill å referer til Ikjefjord på nett ved all bruk av materiale frå desse sidene.
Ansvarleg redaktør: Bjarte Myren Tlf: (+ 47) 577 10561
 E-post: bjarte.myren@ikjefjord.no