Til velkomstsida
Ikjefjord på nett.

Om Ikjefjord
Kart

Grendahuset ] Julemesse 2000 ] Ungdomslaget ] Idrettslaget ] Firkløveren 4H ] Skule og barnehage ] Utmark ] Stort og smått ]

Eikeneset Feriehytte

 STORDALEN FERIE OG FRITID

Er du interessert i fjellturar, hytte, jakt eller fiske?

Ta då turen til STORDALEN – som ligg omlag 500 m.o.h. på grensa mellom Sogn og Fjordane og Slik møter Stordalen deg når du kjem frå Matre i sør. Hordaland fylke, og er innfallsporten til Stølsheimen Landskapsverneområde frå sørvest. Stølsheimen er mykje nytta turområde, med merka turløyper heile året, samt 6 sjølvbetjeningshytter. Tilkomst til Stordalen er frå E 39 på Matre via fylkesvegen til Bjordal.

Det er heilårsopen veg til Stordalen, med parkering ved caravanplassen.

Stordalen på Sognesida, er eit gamalt stølsområde for grunneigarar på Østerbø, og grunneigarlaget har stått for utvikling av Stordalen som friluftsområde, med  turstiar, hyttetomtar, i tillegg felt forEi av mange naturskapte perler. utleigehytter. Snøtilhøva er gode med fint turterreng som gjev ei rik oppleving anten du vel korte eller lange turar.

Fiske i  Østerbø sitt fjellområde kan du gjere utan å kjøpe fiskekort, når du fiskar frå land med stang. Det gjeld deler av Stordalsvatn, Krokevatn og Stølsvatn.

Garnfiske er berre tillate for grunneigarane.

Jakt på småvilt/rype er det ikkje opna for på Østerbø sin eigedom – for hjortejakt –kontakt grunneigar.
Jakt- og fiskeoppsyn vert utført av tilsyn i tillegg til grunneigarar.

Krokevatnet seinsommaren 2001. (Dette var før det tok til å regne for fullt i august.)    Tre fiskarar med fisk frå elva til Stordalsvatn: Nikolai og Andre Fivelsdal, i lag med onkelen sin.     Her kan du fiske...    ...og her kan du fiske.

Stordalen og Stordalsstølen hyttegrender

Var klar til utbygging i 1976, og 1993 der Stordalen er ei grend som har 60 hytter med punktfeste, og Stordalsstølen har 40 hytter. Det er framført El-straum og vatn til kvar tomt. Parkering er på eigne parkeringsplassar  ved fylkesvegen.  

Stordalen hyttegrend sett frå sør.    Ei av dei koselege hyttene.    I lia i bakgrunnen ligg Stordalsstølen hyttegrend.    Stordalen Fjellstove ligg fint til ved Stordalsvatnet, med tradisjon frå krigsåra og Bjørn West.

Stordalen utleigehytter

 Dette feltet er regulert for utbygging i 1999, og er regulert i 5 hyttetun. Utbygginga har ikkje starta ennå. Dette området ligg sentralt til og er svært godt eigna til bedriftshytter.

Reguleringsplan

For Stordalen er det utarbeidd reguleringsplan, - eit samarbeid mellom grunneigarane, Masfjorden og Høyanger Kommunar. Denne planen er no under revidering, der ein ser på endring /nye utbyggingsområde. På Østerbø er eit nytt hytte-område under planlegging – eit fantastisk flott område med utsikt over Stordalen.

Me reknar med at om eit par år vil feltet vere klart.  Skissa går på at det vert bygd sommarveg fram til ”kvar hytte,” vatn, straum og avløp. Feltet vil få 20 til 30 tomtar, med høg standar.

Kontakt: Oddvar Østerbø oddvar@ikjefjord.no    telefon 5771 2377 / 9703 7566

Kart over Stordalen - nord

 

Ikjefjord Grunneigarlag ] Hestebotnbruna jaktlag ] [ Stordalen ]


© Bjarte Myren
Ver snill å referer til Ikjefjord på nett ved all bruk av materiale frå desse sidene.
Ansvarleg redaktør: Bjarte Myren Tlf: (+ 47) 577 10561
 E-post: bjarte.myren@ikjefjord.no