Til velkomstsida
Ikjefjord på nett.

Om Ikjefjord
Kart

Grendahuset ] Julemesse 2000 ] Ungdomslaget ] Idrettslaget ] Firkløveren 4H ] Skule og barnehage ] Utmark ] Stort og smått ]

Eikeneset Feriehytte

Her ser du noko av forhistoria til det som kallast Granden fritidsområde.
Bileta under får du sjå i større format ved å klikke på dei. Dersom du peikar på dei ei stund, kjem det fram ein tekst til kvart bilete.
Bruk tilbakeknappen for å kome attende til denne sida.
Slik såg bana ut før. (96705 byte) slått 27 juni 2000. (97662 byte) Klar til avspark, sjølv om underlaget er noko ujamt. (97727 byte) Litt diskutering. (143060 byte)
Her blir fjøra slegen med ljå. Klart til gravemaskina. Rishaugen er vorten stor. Norvald i gang med å legge ny grøft for regnvatn.
Her vert det parkeringsplass. (Som før.) Hytta til fam. Kåre Østerbø i bakgrunnen Den nye tilkomsten for anlegget vert langs med elva og inn i overkant av bana. Vegtrasèen nederst er klar frå før. Her er det snart klart til å gå i gang med massekøyring og vegbygging.
Denne skogen skal vike for den nye vegen. Her er det og litt rusk og rask, slik at ved å legge vegen her slår me to fluger i ein smekk. Dei fyrste er godt i gang. Mykje er saga av, og det begynner å lysne. Vinsjing ved brua.
No har Jon og Signe fått utsikt att. Den nye vegen er køyrbar no. Når skogsvegen til Haukedalen kjem, skal det fjernast meir masse i skråningen slik at det vert romslegare. Parkeringsplass og veg er lagt over flaumnivå. Her kjem sandvolleyballbana. Men no laut arbeidet utsetjast grunna eit...
Tjeldereir. Her er det ein måse som har funne seg til rette. Oddvar og Norvald har køyrt sand til fjøra for å få den rette forma på den, og for å prøve sanden som badesand. Den 30. mai 2002 hadde me dugnad. Då køyrde me sand til fjøra og strandvolleyballbana. Før  ein kunne gjere det hadde Norvald arbeida mykje og godt med å få rette forma på terrenget rundt bana.
Her er sluttresultatet hausten 2002. Retteleg vakkert er det! Nøl ikkje med å ta området i bruk!

 

Om sommarkveldane spelar me fotball. Under er nokre bilete frå ein julikveld 2000.

Fotballsparking i juli 1. Fotballsparking i juli 2. Fotballsparking i juli 3. Litt trøst hjelper på når det blir for harde tak. Etterpå er det godt å kvile seg litt.
 


© Bjarte Myren
Ver snill å referer til Ikjefjord på nett ved all bruk av materiale frå desse sidene.
Ansvarleg redaktør: Bjarte Myren Tlf: (+ 47) 577 10561
 E-post: bjarte.myren@ikjefjord.no