Til velkomstsida
Ikjefjord på nett.

Om Ikjefjord
Kart

Grendahuset ] Julemesse 2000 ] Ungdomslaget ] Idrettslaget ] Firkløveren 4H ] Skule og barnehage ] Utmark ] Stort og smått ]

Eikeneset Feriehytte

Landsleir Voss 2000, vart ein suksess, og utan medlemane frå Firkløveren-, og Sogn og Fjordane 4H, hadde den ikkje vorte den same. Me deltok på scenen, i tevlingane, og som heiagjeng. Med 15 deltakarar, 3 leiarar, 1 aspirant og 1 "maskot", til saman 20, var Firkløveren 4H den største klubben frå fylket. Til saman var det omlag 1200 deltakarar på leiren, og ca 200 av desse var frå Sogn og Fjordane.

Alle reiste heim med mange gode minner i hovuda, leirbøkene eller fotokameraet. Her kan du sjå nokre bilete frå leiren. Dersom du held markøren på biletet ei stund,  får du fram ein tekst til biletet. Sida er redigert av Hanne og Vilde.

 


 

Deltakarane frå Sogn og Fjordane stiller opp til parade på opningsseremonien På opningsseremonien vart det dansa halling Her sit fylkesmannen i bålet vårt Leiarane frå Sogn og Fjordane har leiarmøte Mathias var maskoten vår
Her spelar gruppa Novocaine, som var svært populære blant publikum. Du kunne vere med på mange forskjellege turar og aktivitetar. Her er eit bilete frå Dinglo og Danglo frå rundturen på Voss. Rundturen på Voss gjekk og innom Voss folkemuseum. Ein av turane gjekk til Hardanger, der vi blant anna besøkte folkemuseumet. Kvar morgon og kveld hadde Sogn og Fjordane tunsamling. Her er ei av dei !
Mange var trøytte om morgonen. Her ser du Hans Kristian som er eit eksempel på det. Nokon var modige nok til å sove ute, til tross for den låge temperaturen ! Musikalsk innslag frå Stig Magne og Endre i underhaldninga til fylket ! Litt eksotisk dans frå Knut Erlend og Kadden (Karl Andre). Det sette spiss på underhaldninga..... Maskoten vår, Mathias, kastar ut vannballongar under Sogn og Fjordane si underhaldning. Det vart full panikk hjå publikum!!
Sogn og Fjordane sitt bidrag i Ta sjansen på Vangsen konkurransen. Ballongekspressen !! (Dette er ein annan båt.) Maja kom til semifinale i hesteskokasting Sogn og Fjordane sitt tautrekkingslag i aksjon!! I volleyballturneringa stilte Sogn og Fjordane med 9 lag. Her er eit av dei. Det er tid for pakking og heimreise og vi gler oss til ny leir neste sommar !!
 

Justin frå Nebraska ] [ Landsleir Voss - 2000 ] Haustfest 2002 ]


© Bjarte Myren
Ver snill å referer til Ikjefjord på nett ved all bruk av materiale frå desse sidene.
Ansvarleg redaktør: Bjarte Myren Tlf: (+ 47) 577 10561
 E-post: bjarte.myren@ikjefjord.no