Til velkomstsida
Ikjefjord på nett.

Om Ikjefjord
Kart

Grendahuset ] Julemesse 2000 ] Ungdomslaget ] Idrettslaget ] Firkløveren 4H ] Skule og barnehage ] Utmark ] Stort og smått ]

Eikeneset Feriehytte

Kulturlivet
Miljøtiltak
Folketalsutviklinga
Vekst og vêr
Reiselivet
Riving og bygging

Av: Bjarte Myren

Kulturlivet:
Ikjefjordingane tok imot det nye år-tusenet (eller kom det eit år seinare?) slik som så mange andre: Etter ei samling med mykje løgnerier og god mat saman med fastbuande og utflytta Ikjefjordingar, kunne me fyre opp ei kraftig ladning med rakettar frå to stadar i bakkane over Grendahuset. Takk til kommunen for krutet! Det frykta datakollapset uteblei, og luftstraumane heldt seg roleg.

Skjærtorsdag skipa Ungdomslaget til dans i Grendahuset. Country-bandet "Joker" spela med godt trykk. Det var ein del mindre folk på dansen enn vanleg har vore dei siste åra, og det går ikkje så godt i lag med dyr musikk... Før på dagen var det basar til inntekt til Storstova i Grendahuset. Overskotet av den vart i overkant av kr 20.000,-.
På dagen 60 år etter at Tyske styrkar invaderte Noreg, invaderte Ikjefjordingane Internett. Denne invasjonen gjekk nok litt meir stillsleg føre seg, og det tok enno nokre veker før alt var leseleg. Ved årsskifte hadde "Ikjefjord på nett" hatt 1830 treff sidan teljar vart sett inn den 21. juli, og det hadde kome mange oppmuntrande tilbakemeldingar!
17. mai vart me litt våte, men det gjorde ingen ting. For innandørs fekk me mykje god underhaldning med song, skodespel, messingmusikk, barnas tale, og tale frå den fargerike Ørn Kristiansen frå Hyllestad. Diverre synte dette seg å bli den siste 17. mai-talen han heldt. Han døde brått vinteren etter. (Bilete frå 17. mai-feiringa låg på nettet same dag!)
Jonsokafta vart feira på Granden med opphaldsvêr. Det var me glade for sidan det hadde regna særs mykje tidlegare denne månaden.
Haustfesten til Firkløveren 4H samla og dette året mykje folk frå Oppedal og Ikjefjord. I alt var det over 30 medlemar som hadde stilt ut resultatet av oppgåvene dei hadde hatt dette året. Dei baud òg på mat og underhaldning.

Inga jul utan juletrefest 2. juledag, og 2000 var på ingen måte eit unntak. Ein triveleg dag var det, sjølv om frammøtet var betre året før. På denne dagen kom den fyrste snøen denne vinteren, og borna i barnehagen og skulen gjorde ein flott innsats med spelstykkje "Papapnov si jul". I tillegg song Stig Magne to julesongar til oss, og Thor Pundsnes avslutta sitt virke som Sokneprest i Lavik, Bjordal og Ortnevik sokn med ei kort andakt. (Han måtte vel gje oss opp han òg.)
"Joker" stod for ekte Country.musikk Skjærtorsdag.

Frå 17.-mai programmet.

Grilling i fjøra på Granden på Jonsokafta.

Klikk for å forstørre.

Frå haustfesten.

Julesnjoen kom 2. juledag.

Til toppen

Miljøtiltak:
Arbeidet med planlegging av Områdetiltak i Ikjefjord var framleis i godt driv, og den eine positive tilbakemeldinga på søknad om støtte til prosjekt avløyste den andre. Ved utgangen av året hadde Ikjefjordingane skaffa tilveges over kr 300.000,- til gjennomføring av ulike tiltak. Eit prosjekt var avslutta, og to godt i gang. Klikk her, så ser du meir om Områdetiltak.
Det gjekk med ein god del dugnadstimar på nærmiljøanlegget på Granden, og rydding av vegtrasé fram til dette. Det er nesten uhyggeleg å sjå kor fort det gror att. Granden fritidsområdet ser du meir om her. 
Storstova i Grendahuset blei påbegynt tidleg på året, og offisielt opna den 1. desember. Du ser meir om dette prosjektet her. I tillegg vart det pynta opp i skråninga på innsida av Grendahuset.

skulen går me heller ikkje klar noko dugnadsarbeid. Dette året var det siste med storskule, og det fyrste med småskule og barnehage i ei og same gruppe. Dette sette andre krav til bygget, og noko av ombyggings- og forbetringsarbeidet vart gjort som dugnad av foreldra. Her ser du meir om skulen.

I Vassdalsvatnet vart det utpå hausten sett i gang fiskekultivering. Reiskapen ein brukte var kastenot, og fangsten var berre delvis tilfredsstillande. Her er det meir å gjere neste år, så møt opp! 
Vidare vart det denne sommaren laga til ei ordning med sal av fiskekort i fjellvatna til Ikjefjord Grunneigarlag.

Ljåslått på Granden.

Rydding av vegtrasè til Granden fritigsområde.

Laila i sving med målingsrullen.

Norvald og Terje har bygt Tårn i barnehagen.

Vassdalsvatnet.

Til toppen

Folketalsutviklinga:
Folketalet auka meir enn det minka dette året. Det blei nemleg fødde heile tre born: Stine den 2. juli, Ingrid den 4. august, og Øyvind Torkjell den 17. august. Det er god kompensering for nokre barnelause år. To flytta til bygda, og to innbyggjarar tok farvel for godt: Agnes Matilde Tveit f. 1902, og Trygve S. Østerbø f. 1916.

Klikk for å forstørre.                    Klikk for å forstørre.                    Klikk for å forstørre.

Til toppen

Vekst og vêr:
Grasavlingane vart over middels dette året. Våren kom tidleg, og det var nok fukt i marka. Ei stund såg det ut til å bli slått 1. veka i juni, men så roa det seg litt. Faktisk vart det seint slege ein del stader, noko som skuldast uvanleg mykje nedbør i midten av juni. Når det gjeld beite i fjell og utmark, var 2000 eit kronår. På fjellet kom graset tidleg, og heldt seg grønt lenge. Vekta på lamma var gode, og hausten var mild, slik at beitesesongen varde nesten til jul. Det var kyr på bøen den 14. desember, og dei mangla ikkje mat!
Jordbæra likte seg godt denne sommaren, og det blei meldt om rekordavlingar fleire stader. Blåbær var det litt ujamt med, best var det i Breidalen. Molter derimot var det berre Harald som fann..., og frukta kjøpte me hjå "Rutledal'n". Men morelltreet gav god avling.
Den 25, juli passerte den elektroniske temperaturmålaren i Nedre Myra 30oC, og det aula med folk i fjørekanten både denne dagen og dei nærast til. Ingen såg ut til å ha trong til å reise nokon stad desse dagane.
Den 13. desember gjekk springfloa ganske høgt. Kaien i Ikjen var berre så vidt over flodmål, og dei som hadde garn ute fekk problem med å finne att landtauet.

Julesnøen kom på 2. juledag, og låg til nyttårsafta. Sjølv om det ikkje var så mange centimeterane, var den til stor glede for ungane.

Folksamt i fjøra i sommarvarmen.

Kjell Arne "Donald" Solli.

Kyr på beite den 14. desember.

Erling helsar!

Til toppen

Reiselivet:
Det var dette året 3 hytter og 4 hus til utleige til turistar. I hovudsak var det tyske gjestar som gjorde beslag på desse idylliske feriestadane, og i perioden juni - september gjorde nok desse til at folketalet i bygda auka med nesten 50%. I tillegg var det godt med folk i private hytter og sommarhus.
Ferieparadis.

Til toppen

Riving og bygging:
Noko kjem til, og anna må vekk. Gamlehuset på Brekka var mykje til nedfalls, og vart rive. Det same vart fjosen på Teigane. Men litt byggjeaktivitet var det òg: På Østerbø reiste det seg ein diger silo med tilhøyrande overbygg, og i Myra vart det arbeida med ombygging av fjosen innvendig. Langs "hyttestranda" kom det opp eit anneks, og eit naust. I tillegg vart det grave grunn for enno eit anneks. På Sørevikane kunne dei til jul flytte inn i nytt hus. Eit prakthus bygt i same stilen som det som før stod på tomten. Og: i Årneset fekk dei seg balkong.

Det nye huset på Sørevik om hausten.

Gamlehuset på Brekka.

Til toppen

 

Båttur på Ikjefjorden ] [ Det hendte i 2000 ] Det hendte i 2001 ]


© Bjarte Myren
Ver snill å referer til Ikjefjord på nett ved all bruk av materiale frå desse sidene.
Ansvarleg redaktør: Bjarte Myren Tlf: (+ 47) 577 10561
 E-post: bjarte.myren@ikjefjord.no