Til velkomstsida
Ikjefjord på nett.

Om Ikjefjord
Kart

Grendahuset ] Julemesse 2000 ] Ungdomslaget ] Idrettslaget ] Firkløveren 4H ] Skule og barnehage ] Utmark ] Stort og smått ]

Eikeneset Feriehytte

Ikjefjorden er ein flott stad å vere om sommaren, og spesielt flott er det å få vere ved sjøen. Nedanfor ser du nokre bilete teke  i juli 2000.  Bileta er tekne frå båt, og difor er ikkje alle like skarpe. Dersom du legg peikaren over bileta ei stund, får du fram ein liten tekst til kvart av dei. Klikk på dei så får du sjå dei i større format. Nokre av dei tek det lang tid å laste ned.

 

Ikjefjordbrua. Den står høgt oppe på lista over dårleg bygde bruer her i landet. For få år sidan vart den utbetra, og ser no heilt trygg ut... Idylliske hytter og hus ved brua. Østerbø og Sandvikane. Stortorsken har bite på kroken.
Haukhella. Du skimtar den gamle saga til venstre. Sjøbua til Matias Myren og huset etter Mondrad og Petra Holen i Ura. Det gamle huset til Ludvik og Elsa står enno. Indre Tredal og Ura.
Svein har feriegjestar, og her skal dei utpå å fiske litt. Ikjen. Vikja, enno ikkje heilt attgrodd. Husmurane er godt synlege. Hyttene på Ikjeneset.
Fam. Johansen sitt sommarparadis. Småbåthamn og sagbruk på Østerbø. Tre nye naust som kappast om å vere finast i kveldssola. Fam. Vinda er flittige hyttebrukarar.
Arne Carlsson sin trivelege sommarbustad frå 1959. Den fyrste hytta langs stranda. (No er det nesten fullt.) Hytta som Anders Østerbø fekk bygd er no pynta opp og er mykje i bruk. Arthur Tveit og familien nyt kveldssola på brygga. Torhild Aarnes har overteke huset som "Sjur-Joans'n" bygde, og er snart ferdig med naustet.
Restane av anlegget til Svåsand... ...og Storheimen er ikkje så vakkert. Fam. Sørevik si hytte. Til venstre skal dei byggje "anneks". Bruket til Erling Kroken.
 

[ Båttur på Ikjefjorden ] Det hendte i 2000 ] Det hendte i 2001 ]


© Bjarte Myren
Ver snill å referer til Ikjefjord på nett ved all bruk av materiale frå desse sidene.
Ansvarleg redaktør: Bjarte Myren Tlf: (+ 47) 577 10561
 E-post: bjarte.myren@ikjefjord.no