Til velkomstsida
Ikjefjord på nett.

Om Ikjefjord
Kart

Grendahuset ] Julemesse 2000 ] Ungdomslaget ] Idrettslaget ] Firkløveren 4H ] Skule og barnehage ] Utmark ] Stort og smått ]

Eikeneset Feriehytte

korpset.jpg (64399 byte)Underteikna er framleis full av lovord og begeistring for den innsatsen som utøvarar og organisatorar i Brekke Skulemusikkorps gjer, og var difor med korpset på tur til Sogn og Fjordane-meisterskapen for skulekorps og generasjonskorps på Nordfjordeid 24.-25. mars 2001.

Det var ein spent gjeng som la i veg, fullt klar over at mange hadde store håp til dei. I fjor fekk dei nemleg eit napp i vandrepokalen som det korpset som fekk flest poeng. Dette visste ein ville bli vanskeleg å gjere oppatt. Florø Skoles Musikkorps som stiller i 1. divisjon har nemleg ikkje ry på seg for å gjere dårlege konsertar... Korpset var påmeldt i 2. divisjon Brass, og hadde eit vanskeleg sjølvvalt nummer. Generalprøva helga før hadde berre gått so som so, og konkurransen er hard både frå 1. og 3. divisjon.

Frå Ikjefjorden er det no 3 med i korpset, og 2 aspirantar. Dei har hatt mykje glede av- og lært mykje den tida dei har vore med, og til 17. mai får me besøk av dei saman med resten av korpset. Då kjem vel DU og??!

Under ser du nokre bilete frå turen. Klikk på dei, og du får sjå dei i større format.

Tips og kommentarar til Bjarte Myren

 

bussen.jpg (27152 byte) avreise.jpg (32962 byte) oppvarm.jpg (31123 byte) scenepr.jpg (27409 byte) oving.jpg (32625 byte)
Bussen var tydeleg markert for turen, og deltakarane vare fulle av spenning og forventning. Det er mykje som skal gjerast når ein kjem til Eid: Instrumenta må først varmast opp, så skal akustikken på scenen prøvast, og etter det skal det finpussast på dei siste detaljane.
kvelds.jpg (27842 byte) hybel.jpg (30117 byte) kort.jpg (26506 byte) utforsk.jpg (29157 byte) premiar.jpg (21694 byte)
Endeleg blir det tid til litt medbrakt kveldsmat Så gjeld det å finne seg ein god soveplass. Desse karane har det romslegare, og nyttar plassen til eit slag kort. Denne må me prøve! Det er om desse det skal spelast i morgon...
entre.jpg (23678 byte) forvent.jpg (29500 byte) klar.jpg (24220 byte) bukkar.jpg (30710 byte) applaus.jpg (35951 byte)
Der kjem brekkingane inn på scena, presis på minuttet. Publikum syner tydeleg at dei har forventningar til sogningane. Og so... Inger Marie lyfter taktstokken som teikn til at no gjeld det. Knapt 20 minutt seinare er det berre å bukke og takke for den hittil kraftigast applausen. Det vart ei feiande framføring til stor glede for publikum. Men kva synest dommarane?
tilfest.jpg (30586 byte) spent.jpg (20398 byte) jippii.jpg (39997 byte) derpaa.jpg (33110 byte) pakking.jpg (36539 byte)
Det måtte me vente i spenning til om kvelden for å få svar på. Då var det underhaldning, premieutdeling og diskotek i idrettshallen. Her er alle korpsa i divisjon 2 representert på podiet. Spenninga i salen er til å ta og føle på. Kven har vunne? Stor var gleda då leiaren for NMF Sogn og Fjordane, Bodil Bjørlo Takle kunne fortelje at vinnaren var BREKKE. (92 poeng.)
(Florø vann vandrepokalen med 95 poeng.)
Akk ja. Dagen der på går med til opprydding og pakking. Deltakarane virka godt nødge med innsats og resultat, og voneleg fulle av inspirasjon vende dei nasa heim.
lote.jpg (26759 byte) heime1.jpg (25290 byte) heime2.jpg (31098 byte) slutt.jpg (36940 byte)

Dette var ei flott oppleving, og dei av foreldra som enno ikkje har vore med på ein slik tur, bør melde seg på neste gong. 

Kontakt leiaren!

På Lote vart det tid til å høyre igjennom opptak frå konkurransen. Og heime i Brekke stod det foreldre og sysken og venta. Sjå! dei har heisa flagget, var det nokon som ropte i bussen. Ja, ja. Då er det vel berre å putle seg heim att, med hovudet fullt av gode minner!
 

Palmesundag var det Påskemarknad i Risnehall til inntekt for korpset. Der var det mykje folk som hadde det moro, og brukte mange pengar. Korpset kvitterte med ei strålande framføring av programmet dei spela på Eid. Dei 12 aspirantane fekk og vise seg fram, og såg ut til å ha det kjekt bak messingen.


 

Å hopp i fjorden so hett ] Gamlehuset på Brekka ] [ På tur med Brekke Skulemusikkorps ] Vegvedlikehald ]


© Bjarte Myren
Ver snill å referer til Ikjefjord på nett ved all bruk av materiale frå desse sidene.
Ansvarleg redaktør: Bjarte Myren Tlf: (+ 47) 577 10561
 E-post: bjarte.myren@ikjefjord.no