Til velkomstsida
Ikjefjord på nett.

Om Ikjefjord
Kart

Grendahuset ] Julemesse 2000 ] Ungdomslaget ] Idrettslaget ] Firkløveren 4H ] Skule og barnehage ] Utmark ] Stort og smått ]

Eikeneset Feriehytte

Tysdag 25. juli passerte temperaturmålaren i Nedre Myra 30oC, og nådde ein topp på 30,3. Målaren står i skuggen heile dagen, og har ikkje hatt det med å overdrive tidlegare. Måndagen vart det målt 28oC i skuggen på Granden, medan den i Myra berre nådde 27,2oC, noko som skulle vere med å stadfeste målinga.  Dette er svært sjeldan kost for oss Vestlendingar, og etter vêrkartet på TV å dømme, måtte ein heilt sør til Athen for å finne maken. Om morgonen onsdag kunne NRK fortelje at Førde hadde hatt den høgaste målinga i landet med 26,5oC. Summa summarum skulle vel Ikjefjorden vere den varmaste staden nord for Athen denne dagen. -og då er det berre ein ting å gjere: hoppe i fjorden. Under ser du nokre bilete av born og vaksne som storkosar seg. Gje dei eit klikk, så vert dei større.

 

Kjell Arne går inn for landing i ekte Donald-Duck stil.

Slik skal det stupast! Denne karen kvir seg ikkje. Plupp.
Ein som lurer på om han skal tore å hoppe... Sjå på meg no, Pappa! I fritt fall mot det våte element. Fem havfruer.
Granden måndag 24. juli. Vellefjøra tirsdag 25. juli.
..og så ein etternølar i november.
 

[ Å hopp i fjorden so hett ] Gamlehuset på Brekka ] På tur med Brekke Skulemusikkorps ] Vegvedlikehald ]


© Bjarte Myren
Ver snill å referer til Ikjefjord på nett ved all bruk av materiale frå desse sidene.
Ansvarleg redaktør: Bjarte Myren Tlf: (+ 47) 577 10561
 E-post: bjarte.myren@ikjefjord.no