Til velkomstsida
Ikjefjord på nett.

Om Ikjefjord
Kart

Grendahuset ] Julemesse 2000 ] Ungdomslaget ] Idrettslaget ] Firkløveren 4H ] Skule og barnehage ] Utmark ] Stort og smått ]

Eikeneset Feriehytte

Av Terje Instefjord

Gamlehuset på garden til Harald og Ellen vart nedteke no nett før jul. Huset var av den gamle klassiske typen med ei stove i kvar ende, kjøkken og gang i midten. Den innerste stova som me kan ta å kalle Betsystova, var den største og den med finaste timmer. Det var brukt ganske breie stokkar med mykje al . Dessutan var dei skorne på sag og høvla på innsida. Den ytterste stova blei kalla for Brit-stova. Den var laga av mindre runde stokkar , som var øksa på begge sider. Timmeret var i svært dårleg stand, og ikkje alt passa like godt i hop. På grunn av mykje mott og roteskadar var det ikkje anna utveg enn å rive huset, men Harald vil prøve å ta vare på timmeret til Betsystova.

So litt historikk.

Brekka vart utskild som eige bruk frå Myregardane på 1600 talet. Hans Bergeson Brekken kjøpte i 1840 Brekka for 250 spesidalar, før den tid hadde brukarane vore leiglendingar. Harald er niande generasjon i direkte nedstigande linje på Brekka.  I 1878 vart Brekka delt mellom brørne Nils og Mons. Mons var oldefar til Harald og han sette opp nye hus litt ovanfor det gamle tunet. Viss alle årstal er rette så var ikkje Mons meir enn 15 år når han sette i gang med dette. Nils og Mons delte også gamlehuset på hovudbruket mellom seg,  med ei stove kvar. Stova som Mons fekk er det me har kalla Betsystova her.

Etter nokre år selde Nils hovudbruket til ein familie frå Takle. Dei selde garden vidare til Jens Jakobson Bjordal. Nils og Mons hadde ei syster som heitte Brita. Ho budde i ei lita stove eller sengebu på hovudbruket. Når Nils selde garden sin flytta ho fram til Mons, og tok stova med seg. Stova fekk naturlegvis namnet Brit-stova.

Før var det heilt vanleg å bruke delar av gamle hus når det skulle byggjast nytt. Difor kan det være vanskeleg å tidfeste slike hus. Om Betsystova vil stå opp frå dei døde, vil vel tida vise.

Slik såg det ut på det siste. Eit særeige med dette huset var den ulike lengda på sperra på oppsida og nedsida. Det kom seg naturlegvis av at det var påbygt. Veggane inne i stova såg bra ut frå innsida. Her sat dei; Hans og Betsy. Stolen i kroken var plassen til Hans når han lytta til "Vigra - sendaren". Han likte sendingane derifrå betre enn By og bygdenytt frå Bergen. Stolen nærast hertil var "bonnebonna" sin favoritt: Der tok Hans dei på fanget og fortalte eit kort eventyr (fram til Krossen) eller eit langt eventyr (Heilt ned til butikken). Men favoritten var kanskje det om Trædals-ikorna og Ikje-ikorna. Denne flotte trefyllingsdøra førte inn til soverommet deira. Den er ikkje meir enn omlag 170 cm høg. (Slapp av. Denne har Harald teke vare på.)
 

Å hopp i fjorden so hett ] [ Gamlehuset på Brekka ] På tur med Brekke Skulemusikkorps ] Vegvedlikehald ]


© Bjarte Myren
Ver snill å referer til Ikjefjord på nett ved all bruk av materiale frå desse sidene.
Ansvarleg redaktør: Bjarte Myren Tlf: (+ 47) 577 10561
 E-post: bjarte.myren@ikjefjord.no