Til velkomstsida
Ikjefjord på nett.

Om Ikjefjord
Kart

Grendahuset ] Julemesse 2000 ] Ungdomslaget ] Idrettslaget ] Firkløveren 4H ] Skule og barnehage ] Utmark ] Stort og smått ]

Eikeneset Feriehytte

Flott 17. mai – feiring i Ikjefjord!                            Av Bjarte Myren
Om dagen
Om kvelden

Mange små, varierte innslag  av ulik art frå teatergruppa til ungdomslaget, og innslag frå lokale medlemar i Brekke Skulemusikkorps, var med å setje ein ekstra spiss på 17. mai – feiringa i Ikjefjorden i år. Som vanleg dei siste åra, var arrangementet delt opp i to økter: Dag og kveld.
På dagtid var det tog, leikar, talar, song, musikk, og mat. Frammøtet var, for å vere ein onsdag, godt. Dei måtte sjå seg vel om dei som ville finne ut kven som ikkje var der… Me fekk på oss noko regn når toget gjekk, og dette letta ikkje heller. Difor vart leikane flytta innandørs, og i ei litt redusert utgåve. Men ”slå på mus”, det fekk me prøve i år og. Og fryseboksen var full av is...
              Toget klart til avgang   Isboksen var populær    Kyrne i Myra lurte på kva som gjekk føre seg    To ivrige aspirantar på Kornett
Innslaga frå scenen vart opna av Anne Karen og Maja, begge korpsaspirantar med stor speleiver. Dei framførte ”Mellom bakkar og berg”, på ein gripande og imponerande måte, og skal ein dømme etter applausen, var dette noko publikum sette stor pris på.

Hovudtalar var Ørn Kristiansen frå Hyllestad. Han innleia med litt historikk rundt 17. mai, men dreia etterkvart inn på det essensielle: Nemleg at me i Ytre Sogn, og bygde-Noreg elles, har ein jobb å gjere i å engasjere - og sleppe til ungdomen i lokalmiljøet, så dei kjem seg litt bort frå data og fjernsyn. Vidare tok han opp kor viktig det er at alle viser ansvar og deltek til beste for sitt nærmiljø, og siterte Håkon Gil: ”Det er altfor få som gjer alt for mykje, og det er altfor mange som gjer alt for lite”. Ørn hadde fått heile talen til å gå i rim, og den må seiast å vere frisk og god.

Like etterpå heldt Maja Røkenes Myren barnas tale, eit friskt innslag der me vaksne fekk 17. mai-passa våre påskrivne. Du kan lese talen her.

Deretter fekk me høyra tostemt song frå alle ved skulen saman med jentene frå ungdomsskulen. Laila Røkenes, som har leia øvinga saman med ungane sa så at det kom meir moro til kvelden. Og det gjorde det til gangs…  
Som vanleg hadde alle teke med seg mykje god mat, og festnemnda dekka denne fint opp saman med innkjøpt festkake og mylse for sal. I regnvêret vart det i år god tid til ein prat, noko me Ikjefjordingar set pris på.

  Ørn Kristiansen     Barnas Tale var eit nytt, frikst innslag     Song-gjengen     Alle gler seg til Herdis si mylse     Smakar mylse for fyrste gong: Mmm schmeckt gut.

Til toppen

Om kvelden var det så klart til neste ykt. Frammøtet var no enno betre enn før på dagen, med både Bjordalingar og Oppedalingar tilstades. Det tradisjonelle ”rebusløpet” vart i år flytta inn i Grendahuset p.g.a. nedbøren, noko som gjekk heilt flott. Vinnar av barneklassen vart Tarjei Oppedal, og i klassen for vaksne var det Liv Takle som hadde flest rette svar.

Så braka det laust med underhaldning av ymse slag. No skulle me både få trimme lattermusklane, og få ein bitte liten klump i halsen: Maja og Anne Karen hadde no fått med seg Ina Therese og Kjell Arne til noko dei kalle for Ikjefjord Musikklag, og spelte fleirstemt ”Mellom bakkar og berg” og Nasjonalsongen, ”Ja, vi elsker”. Det var veldig vakkert og imponerande, og applausen ville nesten ingen ende ta.
   
         Ikkje mindre imponerande og gripande var det når 71/2 år gamle Ida Katrine song ”hestesongen”. Både høge og låge tonar stemte. Folk sat mållause og lytta til den litt sjenerte jenta frå Teigane.

Det har ved tidlegare 17. mai vore framført ulike spelstykke, til dels store og krevjande. I år hadde teatergruppa valt ein annan vri: mange små sketsjar med mykje humor. Fyrst fekk me sjå ein serie med ”doktorsketsjar”, der doktoren, som denne gongen kom frå Austlandet, fekk besøk av diverse bygdeoriginalar som trong hjelp til sine små og store plagar.

            Best var vel likevel sketsjen der Laila Instefjord demonstrerte ei forstørrelsesmaskin. Kva ho enn stappa inni, kom det ein større variant utatt. Til slutt kom det ei fortvila mor frå salen (Solfrid Ynnesdal) med ei lita dokke som skulle vere ein unge på 6 år som mora tykte var altfor liten til å begynne på skulen. Laila stappa dokka inn i maskina, den tok til å riste og bråke noko voldsamt, og: plutseleg spratt der opp ein kjempebaby (Kjell Magne Brekken) kun iført ei stor bleie som ropa: ”mamma, mamma”. Diverre fôr han så fort av scena at fotografen ikkje rakk å få han med.

     Ikjefjord musikklag     Vakker song     Ein gamling hjå doktaren     Forstørrelsesmaskin med utruleg kapasitet     Dei fekk fram latteren, ungane i skulen

Det vart og ein morosam leik, der to lag skulle kivast om å få tak i ulike ting frå kvar sin halvdel av salen. For å greie det måtte dei springe på stolar salen til endes, og oppatt på scena. Det vanskelegast oppdraget var nok å få tak i eit underskjørt eller -kjole. Men trur du ikkje at ein av karane hadde eit under jakka! Eit anna oppdrag var å få tak i ein sur herresokk. Den som kom att med den suraste fekk ekstra poeng for det, og det var ikkje tvil i juryen om kven som hadde lånt bort den suraste sokken…

            Alt i alt var det imponerande kor mykje god underhaldning Laila og borna hadde fått til etter berre 4-5 kveldar med øving. Dei er alle viktige ressursar og humørspreiarar i bygda.

Til slutt fann Oddvar fram trekkspelet og spela til dans. Dei minste prøvde med ulike dansesteg før Gerd samla saman nok folk til ein polonesemarsj. Ikkje ein gong små straumbrot kunne stoppe danseløvene. 

     Ooops     Brynjar på leit etter ein sur sokk     Ein svingum vart det når Oddvar tok fram trekkspelet     Klart ein kan danse moderne taktar til trekkspelmusikk...     Dei tre runde

Klokka nærma seg midnatt før folk tok på heimveg, lukkelege for å ha teke turen til Grendahuset denne kvelden. Festnemnda kunne, etter å ha rydda og vaska, puste ut i visse om at dette hadde vore morosamt for alle.

Til toppen

 

[ 17. Mai 2000 ] Juletrefesten 2000 ] Tilskipingar 2001 ] Tilskipingar 2002 ]


© Bjarte Myren
Ver snill å referer til Ikjefjord på nett ved all bruk av materiale frå desse sidene.
Ansvarleg redaktør: Bjarte Myren Tlf: (+ 47) 577 10561
 E-post: bjarte.myren@ikjefjord.no