Til velkomstsida
Ikjefjord på nett.

Om Ikjefjord
Kart

Grendahuset ] Julemesse 2000 ] Ungdomslaget ] Idrettslaget ] Firkløveren 4H ] Skule og barnehage ] Utmark ] Stort og smått ]

Eikeneset Feriehytte

Her er det litt om tilskipingane til ungdomslaget i 2002:

Påskedansen  Skjærtorsdag
17. mai-feiringa
Jonsokafta

Påskedansen  Skjærtorsdag,
kom det i år litt over 80 betalande, noko som var litt færre enn i fjor, men likevel nok til at laget kom ut med eit lite overskot. Dei unge tok seg etterkvart skikkeleg ut, og det vart ekstranummer i år òg. Denne gongen var det strilebandet "Boogi Trio" som spelte. Dei hadde eit variert reportuar, og ein god rytme. Her kunne det med fordel ha vore fleire over 30. Dette hadde de likt! Festen gjekk stort sett føre seg i rolege og kontrollerte former, og på kjøkenet gjekk det unna på pizzaen.

Til toppen


17. mai-feiringa:
Sol frå knallblå himmel, grøngrøne bøar og - lier (og nyslegne plenar) gjorde det enkelt å ta 17. mai-humøret fram, og hurraropa og nasjonalsongen ljoma når born og vaksne gjekk Storrunden saman - til glede for papparassiaen i fjørebuskene. Dei tyske turistane tykte nok fiske på fjorden var for freistande til at dei kunne gje seg ut på slike risikable utskeiingar som å mengde seg med dei innfødde nasjonalpatriotane med fare for å bli lokka til å smake både mylse og lefse. Men slikt let me ikkje gå inn på oss, for 17. mai er festdag for oss alle. Store og små ser fram til å få ein glad-dag med underhaldning og mylse, leik og moro, og - IS.

Blå himmel, vindstille var vêrstatusen denne 17. mai.    Dagfinn har lange tradisjonar som flaggberar i toget, og førte oss med ro og eleganse rundt Storrunden i Ikjen.    Løvetanna sette òg pris på det flotte vêret, og viste seg frå si aller beste side.    Aber Wir gehen Angelen...    Anders af Sørevik i kjent stil. Det er ikkje få timar film den karen har teke opp gjennom åra...

Skule- og barnehageborna stod for underhaldninga, og hadde ei flott og samstemt framføring av songen Soltrall. Deretter fekk me sjå eit sjølvkomponert spelstykkje om familien Travel sin noko stressa 17. mai morgon.
Det var sjølvsagt knytt spaning til kva årets talar ville dele med oss. Lasse Trædal hadde ikkje feira 17. mai i Ikjefjorden på minst 30 år, og det han hugsa best var ein tale på over to timar. Talen var sjølvsagt ikkje så lang, men han hadde opplevd den slik. Noko av det Lasse var var komen frå Sørlandet for å sei, var at pengar ikkje er alt. - Ei sanning me òg etter dette jordbruksoppgjeret lyt trøste oss med. Aldri har eg sett Ikjefjorden vakrare enn i dag, sa han. - Kan me då betre ha det? Vakkert, friskt natur- og kulturlandskap, og festkledde innbyggjarar som ser andre verdiar enn pengar. Eit draumesamfunn, spør du meg...

Skuleborna og dei eldste i barnehagen bidrog med song..    .. og sjølvkomonert sketsj.    Årets talar: Lasse Trædal.

Ute i solvarmen stod Olav klar med to kubbar, hammar og spikar. Velkjente hjelpemiddel på 17. mai, men tevlinga gjekk i år ut på å slå på ein annan sin spikar, og vere den siste som fekk spikaren sin slegen nedi. Heilt klart den mest populære standen i år. Andre ting ein kunne ty til for å løyse sveitten eller prøve lukka med var tautrekking, sparkehjulkonkurranse og "treffe det som kjem ut av røyret" leiken. At isfrysen var godt oppfylt, la vel heller ingen dempar på stemninga.

Attraksjon nr 1 på leikeplassen: Slådeiandresinspikarnedikubben-leiken. Komponisten sjølv svingar hammaren.    Årets o-russ. Ein langstrakt, litt trøytt?, kar frå Myra.    Her gjeld det å vere fyrstemann rundt Dagfinn og tilbake.

Etter "fjostid" byrja akt to. Familiekveld med rebusløp, leikar, utlodding, - og meir mylse. Ingen klarte å få alle svara rett i rebusløpet i år heller, men tre kupongar delte 1. premien med 11 rette svar av 13 mogelege. På scenen fekk både kvinner, menn og born prøve seg på ulike løgnerier, noko ungane heilt klart var ivrigast til å vere med på.
Etter kvart stilna det av. Gerd prøvde å live opp med litt dansemusikk frå kassettspelaren, men dei som var att hadde sett seg godt...

Mange, lure spørsmål hang klar langs vegen i det sokalla "rebusløpet".    Kor mange Non-stop er det oppi denne?    To karar skal kle seg om. Men berre medan det brenn i lyset framfor...    Ikkje enkelt å få tak i denne flaska nei.    Kveldens trim. Trakkpådeiandresinballongførdeitrakkarpådin -leiken.

Til toppen


Jonsokafta:
Granden er adressa for den som vil vere sosial i Ikjefjorden jonsokafta. Svært mange ville vere det i 2002 òg, sjølv om det var varsla, og kom regn utpå kvelden. Presenning mellom trestammar og partytelt redda både eteplass og grill. Ein tur rundt bana for å svare på enkle og vanskelege spørsmål var det høve til i år og. Fotballsparking vart det heller lite med, men ei lita ykt på den nye sandvolleyballbana (i berre fotane) vart det til slutt.

Det kom godt med å ha eit "tak" å krype under.    Litt is må til.    Litt røykfullt vart det, men det smakte godt med kjøt og pølser.    Retteleg triveleg vart det i regnet.

Og so kunne her ha stått litt om juletrefesten...
 

 

17. Mai 2000 ] Juletrefesten 2000 ] Tilskipingar 2001 ] [ Tilskipingar 2002 ]


© Bjarte Myren
Ver snill å referer til Ikjefjord på nett ved all bruk av materiale frå desse sidene.
Ansvarleg redaktør: Bjarte Myren Tlf: (+ 47) 577 10561
 E-post: bjarte.myren@ikjefjord.no