Til velkomstsida
Ikjefjord på nett.

Om Ikjefjord
Kart

Grendahuset ] Julemesse 2000 ] Ungdomslaget ] Idrettslaget ] Firkløveren 4H ] Skule og barnehage ] Utmark ] Stort og smått ]

Eikeneset Feriehytte

Lesen av Maja Røkenes Myren (Snart 10 år) på 17. mai 2000.

Kjære alle vaksne!

No vil eg på vegne av alle oss ungar fortelje deke litt om kva me tykkjer om å feire 17.mai.
Barnetog, det er vel det flottaste me veit; tenkjer de. Men der tek de feil.
Prøv berre å førestill deke korleis det er å traske av garde i all slags vêr med nye pen-sko: Dei fyrste hundre meterane går stort sett bra, men so er det ein eller annan vaksen som set opp farten og sidan må me småspringe i lett trav for å halde fylgje.  Og gnagsåra veks…
Og nåde den som er så uheldig å miste flagget: Han bør ha 8 blank eller betre på 60- meteren for å ta att toget . Ja, det er eit slit!

Me likar ganske bra sketsjane og leikane. - om me berre fekk ha dei i fred. Det er ikkje så moro å sjå mora si ligge langflat i bunad med eit knust egg i panna,   - eller sjå far sin hoppe rundt i ein postsekk med et fjollete flir om munnen medan han ropar: Sjao pao meg! 
- Det er til å bli flau av!!

Me synest også det er kjedeleg  når nokon held talar, kjedelige, lange talar som gjer ein ganske trøytt.

Nei, det er isen som er 17.mai for oss. For me vil helst skunde oss til Grendahuset og kjøpe ein is, og kanskje 17 til. Det å kunne stappe i seg så mange isar at me ikkje maktar å stå oppreist: Det er lukka i livet det.
- Og pølsene då.
Ete pølser i lange banar til ketchupen ligg oppunder øyra; Det er noko det! 

Sidan, når maten har sege ned, inntek me scena og lagar vårt eige show.

De snakkar om Bjørnsson og Wergeland og om åra 1814 og1905. Eg har skjønt at det må vere vanskeleg for dykk å hugse disse tinga sidan dei må takast opp at kvart år. Men, ein vert vel gløymsk med alderen??

Ja, ja: Trass alt vil no me ungar ynskje alle de vaksne ein god 17. is-mai!

 


© Bjarte Myren
Ver snill å referer til Ikjefjord på nett ved all bruk av materiale frå desse sidene.
Ansvarleg redaktør: Bjarte Myren Tlf: (+ 47) 577 10561
 E-post: bjarte.myren@ikjefjord.no