Ei fredeleg fjordbygd ved Sognefjordens midtre bredder
Om Ikjefjorden
Les meir om bygda og livet her
Bu
Ledige hus og tomter, offentlege tilbod, fritidsaktivitetar osv
Jobb
Jobbmoglegheiter og ledige stillingar i området
Siste nytt
Positiv utvikling i folketal
I følge foreløbige tal for 2014 ligg Ikjefjord, Høyanger tettstad og Lavik som einaste grunnkretsar med positiv utvikling i folketal frå 2013 til 2014. Trist at ikkje det er auke over heile fjøla, men absolutt kjekt at Ikjefjorden prosentvis aukar mest! Tabellen er...
Raskare breidband
Enivest driv i desse dagar og oppgraderar nettløysinga til heile Høyanger Sørside og delar av Måren. I Ikjefjorden kan vi vente oss raskt nett til jul (i følge foreløbig plan)! Framtida er på veg folkens! Kva dette inneber for deg som kunde og kva som må til for å få...
ABBA-konsert i Brekke
Laurdag 1. november kl 19 i Risnehall. Brekke skulemusikk feirar 35-årsjubileum med storslagen ABBA-konsert. Fleire musikarar og solistar er med på oppsetninga. Vaksne: kr 200,- Barn 12-16: kr 100,- Barn u 12: gratis
Ny asfalt
Det er lagt ny asfalt på strekninga Ytre Oppedal - Ikjefjordbrua. Så no går turen utover som ein draum etter mange år med svært humpete og dårleg veg. Du får ta deg ein tur og sjekke det ut i helga :)
Vegstenging Instefjord-Brekke
Melding frå vegvesen.no: Fv 1 Hauglandtunnelen - Instefjord, på strekningen Instefjord - Rutledal Sogn og Fjordane Kan bli stengt i perioder på inntil 2 timer på grunn av vedlikeholdsarbeid i periodene: Mandag til lørdag fra 07:30 til 19:00. Rutegående trafikk og...
Influensavaksinering
Søreide: 28. oktober 2014, kl. 09:30 - 11:00 Lavik: 29. oktober 2014, kl. 10:00 - 12:00 Vaksne: kr 110,- (kontant) Les meir her: https://www.hoyanger.kommune.no/artikkel.aspx?AId=1440&MId1=11