Bu i Ikjefjorden

Informasjon om ledige hus, offentlege tilbod, lokal aktivitet og fritidsaktivitetar

 

Bustad til leige

Kontakt Oddvar Østerbø

Bustadtomter til sals

Kommunen har kjøpt areal og starta arbeidet med reguleringsplan for bustadtomter i eit flott område. Følg med 🙂

Kommeplanen legg opp til spreidd busetnad i LNF-område i Ikjefjorden. Er du interessert i å bygge her, ta kontakt så kan vi sikkert finne ei løysing.

 

Offentlege tenester

Skule, barnehage, helse, kultur

 

Bjordal barnehage

Nyoppussa barnehage med 18 plassar. Flotte uteområde. Samlokalisert med Bjordal skule.

Søknadsskjema finn du her>>

Bjordal skule

Bjordal skule for 1-10 klasse. Eit trygt og godt oppvekstmiljø. Skulevegen er ca 35 minutt med buss kvar veg.

Legekontor

Mån.: Brekke legekontor (Gulen) – 57 78 10 90
Tys.: Søreide legekontor –  57 71 44 95
Mån. og ons.: Lavik legekontor –  57 71 44 95
Legevakt på Førde sentralsjukehus: 577 13 000

Her skiftar du fastlege >>

Ikjefjord bibliotek

Biblioteket er ein viktig møteplass i bygda. Det ligg i Grendahuset og er ope kvar torsdag 16.30-18.30.

Offentlege kontor

Du finn det mange offentlege/kommunale kontor osv i kommunesenteret Høyanger.

Andre bygdesenter

Avstand til ulike butikkar og tenester

 

Fritid

Ei lita oppsummering av ulike fritidsaktivitetar liten og stor kan ta del i

 

Korps og kor

Barn og unge kan vere med i Brekke skulemusikkorps

For menn med fagre røyster er Brekke Mannskor tingen.

Fotball

Brekke/Masfjord fotball trenar i Brekke. Fleire aldersbestemte lag som er med i serien i Nordhordland.

Trening

Barnetrening i Bjordal for ulike klassetrinn

Vaksentrening i nye styrkerom

Elles kan du så klart springe/symje/sykle/trene så masse du vil i naturen!

4H

Firkløveren 4H for barn og ungdom 10-19 år i Ikjefjord og på Oppedal. Sosialt og lærerikt.

Sjå 4H på facebook her>>

Skyting

Vi har to skyttarlag med både innandørs- og utandørs bane tilgjengeleg. Begge har aktive skyttarar og opplegg for både gammal og ung. Vel det laget som passar deg best.

Bjordal/Søreide skyttarlag

Oppedal/Brekke skyttarlag

Jakt

Det er svært gode tilhøve for spesielt hjortejakt. I fjella er det og noko rypejakt.

Friluftsliv

Turar i skog og mark. Hausting av bær og sopp. Her er truløypene i fjellet heilt i nærleiken.

Båt/fiske

Dette er turistane sin største fritidssyssel. Fjorden ligg her forlokkande og blank. Og visst kan du få fisk her eller ta deg turen ut på Sognefjorden for større saker.

Granden

Bading og aktivitet

Det er gode moglegheiter for aktivitet i nærmiljøanlegget på Granden. Her er Sandvolleyballbane, Fotballbane, Bordtennisbord og badestrand.

Kva har du lyst til?

Elles kan du så klart drive med eit uttal av aktivitetar som ikkje er organisert av andre. Eller kanskje kan du få andre med på akkurat den aktiviteten du skulle ønske var tilgjengeleg?

 

Følg med på kva som skjer

Kva skjer?