Om Ikjefjord
Ikjefjorden er ein fredeleg fjordarm til Sognefjorden på Sørsida av Høyanger kommuneTil Ikjefjord krins høyrer Haukhella, Hola, Østerbø, Ikjen, Indre- og Ytre Trædal, Massnesberg, Massnes og Sørevik. Til saman er her omlag 80 fastbuande med stort og smått. I feriar og helgedagar er derimot folketalet fleiredobla når hyttene fyllest opp.
Plassering og Næringsliv
Ikjefjord ligg midt mellom Bjordal, Brekke, Matre og Lavik. Til desse bygdene køyrer ein på omlag 30 minutt. Dette gjer at mange arbeider på desse stadane innanfor både offentleg tenesteyting, og privat næringsverksemd. Bergen er ikkje så langt unna heller lenger: vel 90 minutt med bil. Meir om ulike jobbmoglegheiter ser du her>>
Hovudnæringa har tradisjonelt vore jordbruk med hovudvekt på mjølkeproduksjon. Det er framleis nokre bønder igjen som satsar på kyr eller sau. Desse held kulturlandskapet i hevd, men talet bønder har vore minkande. Reiseliv er derimot ei viktig næring i dagens Ikjefjord. Hovudvekta er utleige til tyske turistar. I tillegg har vi kommunikasjonsfirma og produsentar av husflidsvarer med base i bygda.
Utmark
I alt høyrer utmark på nærare 100 km2 til grunneigarane frå Trædal til Sørevik. Her er fleire gode fiskevatn og eit variert jakt- og turterreng. Om hausten er det tid for å hauste det naturen gir av bær, frukt og sopp. Og ikkje minst tid for hjorte- og rypejakt.
Trimpostar
Det er fleire merka turløyper i tilknyting til bygda Mange av desse har utlagde bøker du kan skrive deg i og samle poeng. Desse ligg ute i sommarhalvåret på desse stadene: Teksfjellet, Massnesstølsvarden, Høgeloftet, Skorvevarden, Myrestølen og Holedalsvarden. God tur!
Flytte hit?
Ikjefjorden er ein god stad å bu og opnar mange moglegheiter når det gjeld jobb, trivsel og fritidsaktivitetar.
Her er oversikt på aktuelle ledige bustader og tomter >>
Fritidsaktivitetar >>
Dugnad – vi får ikkje meir moro enn vi lagar sjølv :)
Ikjefjordingane har gjennom tidene vist stor vilje til dugnadsarbeid, og denne ånda står framleis sterkt i dette vesle samfunnet. Idrettsbane, Grendahus og ulike arrangement er døme på dette. På ein liten stad må ein brette opp armane og sjølv ta ansvar for det ein vil skal skje.
Lokale lag og organisasjonar
- Ikjefjord bygdelag (ungdomslag, idrettslag og grendahuset)
- Firkløveren 4H
- Ikjefjord grunneigarlag
- Østerbø grunneigarlag
Gamle ikjefjord.no
Ikjefjord på facebook
Vérvarsel
Kart
Oversyn over Ikjefjorden og omlandIkjen
Ikjen