Jobbe frå Ikjefjorden

Moglegheitene er mange innanfor 45-minutts beltet

Arbeid i bygda

Jordbruk har tradisjonelt vore den vanlegaste næringsvegen, men har minka mykje siste åra. Elles jobbar folk her med mykje forskjellig feks: Lærar, sjukepleiar, designer, ingeniør, elektrikar, bussjåfør, barnehageassistent, regneskapsførar, tillitsvalgt, hjelpepleiar, i oppdrettsnæringa, anleggsarbeidar osv. Så her er moglegheiter for det meste.

Skiftbasert arbeid

Ikjefjorden er ein flott base for arbeid i Nordsjøen eller anna skiftbasert arbeid som båt eller anlegg. Overkommeleg avstand til knutepunkt som feks Oppedal eller Bergen og god plass til å dyrke hobby i friperiodar.

Lokalkontor tilknytt bedrift anna stad i landet

Kanskje kan du behalde den gode og unike jobben din mens du flyttar hit? Breidbandet er i ferd med å bli oppdatert så moglegheitene er tilstades for å jobbe lokalt på heimekontor nokre dagar og møte opp på hovudkontoret etter avtale. Det går an å spør sjefen..

Lage din eigen arbeidsplass

Er det ikkje noko ledige jobbar som passar for deg? Då kan løysinga vere å stifte si eiga bedrift.

Hjelp til dette kan du få av Høyanger Næringsutvikling

Kor kan du jobbe?

Her er ei oversikt på kor langt du kjem på inntil 90 minutts jobbreise frå Ikjefjorden. Moglegheitene er mange!

Kor langt kjem du på kor mange minutt? Ei lita oversikt over ca tidsbruk til ulike stader på sommarføre frå Ikjen. Frå Sørevik vil det  vere ca same tid utover, mens innover vil alt vere 15 minutt nærmare.

15 minutt

  • Ikjefjord
  • Oppedal
  • Sørevik

30 minutt

  • Brekke
  • Instefjord
  • Bjordal
  • Søreide
  • Haugsvær
  • Matre

45 minutt

  • Lavik
  • Østerbø
  • Slantevik
  • Rutledal
  • Hosteland
  • Romarheim

60 minutt

  • Sløvåg
  • Vadheim
  • Ortnevik
  • Modalen
  • Eikangervåg
  • Eivindvik
  • Dalsøyra

75 minutt

  • Knarvik
  • Hyllestad
  • Leirvik
  • Sørbøvåg
  • Sande

90 minutt

  • Høyanger
  • Førde
  • Åsane
  • Mongstad