Ikjefjord grendahus
Ikjefjord Grendahus er staden for felles innandørsaktivitetar i bygda. Huset ligg sentralt til, og er ein flott samlingsplassBruksområde
Bruksområda til Grendahuset kan vere så mange: Til dømes
- Feiring av fødselsdag
- Konfirmasjon, dåp og bryllaup
- Gravferd
- Kurs og møter
- Dans og diskotek
- Underhaldning
- Kino
- Trim
Innhald
I første etasje er det vestibyle, festsal med scene, stort kjøken, toalett, møterom, «backstage»-rom
I underetasjen finn du bibliotek, storstove, grendakontor, tidlegare kafé, toalett og rom brukt til bandøving og styrketrening
Storstova i kjellaren er i utgangspunktet eit aktivitets- og opphaldsrom, tilrettelagt for ungdommane.
Kaféen ligg der postkontoret var før. Den er i dag ikkje i drift, men går an å leige til ulike arrangement
Biblioteket
Biblioteket ligg i underetasjen, og har ope kvar torsdag kl. 16:00 – 18:00.
Her er eit godt utval bøker til alle aldersgrupper, filmar og tidsskrift. Eigen teiknekrok for dei yngste.
Dette er ein fin stad for å slå av ein prat med sambygdingar
Leige av grendahuset
Prisar: frå kr 200,-
Kontakt Bjarte: 957 65 371