Val 2015: Lokale kandidatar

Her er ei oversikt på ikjefjordingar som stiller til val på ulike vallister i Høyanger kommune. Alle vallistene finn du på Høyanger kommune si nettside. Arbeidarpartiet: Leif Brekken Høgre: Oddvar Østerbø Kristeleg Folkeparti: Mari-Ann Lund Fridtun Kystpartiet:...
Sommarbåten ved Ikjefjordbrua

Sommarbåten ved Ikjefjordbrua

15. juli kl 9 var vi klare til å lage litt liv på brua. Sommarbåten til NRK kom så nær den kunne og fekk filma den morgonfriske gjengen. Takk til alle som var med! Under er nokre foto frå hendinga og lenkje til videoen på NRK sine sider. 17.juli kl 12:30 var og ein...

#nrksommer i Sognefjorden

Onsdag 15. juli omlag kl 9 passerer Sommarbåten ved Ikjefjordbrua. Bli med å vink då vel! Føl med på minutt-for-minutt-sendinga på NRK2 så veit du når du må møte opp. Satsar på å bli ein gjeng som vinkar denne dagen og gjerne tek ein felles frukost på Storeholmen....
Jonsokfeiring

Jonsokfeiring

Vi hadde ei tradisjonell feiring med grilling på Granden for heile bygda. God mat, flott bål og kjekk natursti. Og ikkje minst sosialisering, leik og moro.

Bibliotek i juni

I juni er Ikjefjord bibliotek ope desse datoane: 11.juni kl 16-18 16.juni kl 16-18 (obs tysdag) 25.juni kl 16-18 Sommaravslutning  
17.mai 2015

17.mai 2015

Dagen starta med strålande solskin over blikkstille fjord. Årets tog gjekk frå gravplassen til Grendahuset med dyktige Brekke Skulemusikkorps i spissen.    

17.mai-programmet er klart

17.mai i Ikjefjord byr på Brekke skulemusikk, Brekke Mannskor, sjølvaste Per Hillern, eit bugnande koldtbord og ei koseleg stund! Vi møtast ved Grendahuset kl. 10:30 og går saman til gravplassen. Kl. 11:00 kjem Brekke skulemusikkorps og spelar oss tilbake til...
Kunstutstilling

Kunstutstilling

Knut Brekken stilte påskeafta ut alle arbeid han har jobba med siste halvåret. Knut lagar lerreta sine stort sett sjølv og kunne avsløre at her er det både gamle laken og gardiner som har fått nytt liv. Mange var innom i løpet av dagen og kvelden. Kunsten hans er...
Fullt hus på påskebasar

Fullt hus på påskebasar

På skjærtorsdag var det tradisjonen tru laga i stand basar i Ikjefjord grendahus. Inntektene frå denne går til grendahuset og er kjærkomne til drift og utvikling av dette som ein viktig samlingsstad. Basaren vert stelt i stand på dugnad av so og sei heile bygda (og...