Onsdag 25.09.14 låg brått ærverdige MS Atløy ved kai i Ikjefjord. Dette hadde gått dei fleste hus forbi, men jungeltelegraf og facebookvarsling vart aktivert, så ein god del var innom i løpet av kvelden. Ombord kunne ein sjå seg om, slå av ein prat og kjøpe blant anna fisk, poteter og epler. Kjekt å sjå ein så velhalden nostalgisk båt. På nettsidene til Atløy kan du lese meir om arbeidet med restaurering og drift >>