Det er andre juledag og fjella har trekt skodda godt ned over augo. Men i Ikjefjord grendahus er treet pynta og lyset tent. «Velkommen velkommen til juletrefest, frå nord og frå sør, frå aust og frå vest..» heiter det i sangen. Og dette stemte godt på denne festen med dialektar frå så og sei alle landsdelar og meir til under eit tak. Ein fullsett sal med gjestar i alle aldrar frå 0 til 90 år. Det er mange som er heime hos mor og far i jula eller feirar jul på hytta. Då er det kjekt å ha eit treffpunkt i høgtida der folk kan treffast og snakkast.

På juletrefesten er det ei avslappa og koseleg stemning. Både bygdefolk og tilreisande får treffest og ungane finn nye venner å leike med. Med til festen høyrer andakt med prest Andreas Ester, gang om juletreet, ei matøkt og litt lett underhaldning frå dei som har lyst til å bidra. I år stilte Hege Marie Røkenes Brekken med sang og Øyvind T. Instefjord framførte solostykke på tuba. I tillegg spelte Eiken brass til juletregangen.

Og på tampen av dagen kom jammen sjølvaste nissen og. Takk til alle som møtte opp og festnemnda som stelte i stand ein flott fest.