Vi gratulerer Firkløveren 4H med 30-årsjubileet. Firkløveren 4H er klubben for barn og unge i Ikjefjord og på Oppedal. I helga var det duka for ein flott haustfest med artig underhaldning, flotte utstillingar og eit bugnande og herleg koldtbord. Flott levert av vaksne og barn som er engasjert i klubben. Ordførar i Gulen, Hallvard Oppedal heldt ein liten gratulasjonstale og delte ut merker og vurderingar til medlemmene.

Her er eit noko uskarpt foto av dei fleste medlemmene, klubbrådgjevarar, vurderarar og ordførar:

haustfest