Høyanger kommune har investert i ein eigedom i Ikjefjord (for lokalkjente: garden etter HenrikOlaErlingen). Denne ligg flott til med sjølinje og utsikt rett ut fjorden og nydeleg kveldssol sommarstid. No arbeidar dei med reguleringsplan for området. Her vil det snart komme flotte bustadtomter for sal. Det blir vurdert å legge til rette for hyttebygging i øvre del av feltet.

Utdrag frå det som kan bli framtida di..

«Heimen din vil ligge sentralt i bygda og om sommaren kan du nyte roen i solveggen til langt på kveld. Panoramautsikta over fjorden kan du nyte døgnet rundt heile året. Nede ved fjorden har du tilgong til sjøen på felles brygge. Kanskje du skulle tatt eit lite kveldsbad? Ungane er opptatt med å bygge hytte i eit tre og kjem innom berre for å hente spikar og litt saft. Og dette på ein heilt vanleg tysdag, når du ikkje har ferie ein gong..

Utsikt

Sommarutsikt ved fjorden

Tomta di vil vere romsleg slik at du kanskje kan dyrke litt gulrøter, jordbær og kanskje ha ein kanin om du vil. Det er kort veg til blåbærtuene og fine turvegar, samt resten av verda via heilt ok internett. Det er jobbmoglegheiter i nærliggande bygder eller kanskje du tilknyter deg ein arbeidsgivar ein annan stad via «remote office». Med ferdig regulerte tomter treng du ikkje vente meir enn nokre månader før dette kan vere realisert. Velkommen til oss!» 

Interessert?

Er du interessert, veldig interessert eller bittelitt interessert i hus eller hytte? Du kan i første omgang ta kontakt med bygdelaget: bygdelaget@ikjefjord.no. Før kommunen får på plass direkte kontaktperson for inngåing av intensjonsavtaler, oppfølging, tomtekjøp osv.

 

Status

  • Kjøp er gjennomført
  • Oppstart reguleringsplan er varsla og merknader innkomne
  • Skredvurdering er utført
  • Kulturhistorisk registrering utført utan store merknader
  • Reguleringsplan er under utarbeiding

Vidare arbeid

  • Sluttføre utkast til reguleringsplan – blir gjort i desse dagar
  • Legge den ut på høyring (min 6 veker)
  • Eventuelt etterspel alt etter merknader osv
  • Vedtak i kommunestyret
  • Opparbeiding av feltet med infrastruktur osv