Advent nærme seg og Bygdelaget inviterer deg til ein start på juleforberedingane i Ikjefjord grendahus lørdag 27. November kl 11.
Felles julebakst, juleverkstad og tenning av julelys

Her kan du bake, lage, prate, smake og nyte. Ta med deg ein deig om du vil, steiketakke om du treng det og ellers anna du kan lage i lag med oss. Me stiller med litt utstyr til å lage juledekorasjonar av og som passar for både born og vaksne og ikkje minst- me hjelpe kvarandre. Du kan jo ta med deg ei tre-rot og litt granbar.

kl 13.30 blir det felles lunsj, kaffi og kakesmaking og du er velkommen til å delta berre på det.

Før me går heim tenner me julegrana. Du er varmt velkommen!