Lørdag 24. november tjuvstarta vi adventstida i Ikjefjord med julebakst, juleverkstad og til slutt tenning av julegrana utanfor grendahuset. Stemninga rundt er sett med rim på bakken som knasar under skoa, solstrålar som leikar på fjelltoppane, frostrøyk ved kvart andedrag.

Eit grendahus med tende lys, varme (litt i alle fall), julemusikk, barnelatter, vaksenlatter, duft av peparkaker, kakemenn, lefser, krumkaker som brer seg utover lokalet. Ein limpistol som aldri får kvile. Klippe, lime, måle, perle. På utsida er flittige folk og maskiner i sving med å utbetre uteområder.

Celine og Emilie prøve finne ut kva dei skal lage

Dette har dei siste åra blitt fast tradisjon i Ikjefjord siste helga i november. Det er ein fin måte å treffast og få kickstarta julebaksten. Samtidig er det eit kjærkomme treffpunkt for barn og ungdommar som har tilknyting til bygda. Veldig kjekt å sjå alle hybelbuarane som kjem og er med.

Delar av gjengen samla for smaksprøver (foto: Wenche Røkenes)

Tre slag på rekke og rad, Bente Lene har fått hjelp av små hjelparar med lefsebaksten

Til slutt blei det tradisjonen tru avrunda med felles måltid med suppe og prøvesmaking av faktisk ca sju slag (om me reknar med suppa…). Absolutt godkjent!