På skjærtorsdag var det tradisjonen tru laga i stand basar i Ikjefjord grendahus. Inntektene frå denne går til grendahuset og er kjærkomne til drift og utvikling av dette som ein viktig samlingsstad. Basaren vert stelt i stand på dugnad av so og sei heile bygda (og mange tilreisande): kaker vert bakt, huset stelt i stand, gevinstar kjøpt/laga/skaffa, arrangementet gjennomført og rydda opp igjen. Då er det ekstra kjekt når oppslutninga blir så bra som i år!

Dette er eit vikig møtepunkt mellom fastbuande og «påsketuristane». Salen (og scenen og gangen) var fullsett og spenninga til å ta og føle på under åresal og trekning.

gøy på basar

Kosar seg på påskebasar, klar for vinnarlykke. f.v. Kari Agnete, Solfrid, Marita, Bente Lene og Ariell. Basaren er ein arena for utflytte Ikjefjordingar å halde kontakten med bygda og kvarandre.

Åresal

Bugnande åresal

 

Tilsaman var omsetninga denne dagen på over kr 65 000,-!! Tusen takk til alle som var med på å gjere dette til ein kjekk dag!