Ferie i Ikjefjord

Ikjefjorden er er flott utgangspunkt for opplevingar langs Sognefjorden, i Stølsheimen eller i Bergensområdet. Her er nokre tips på vegen til ein topp ferie!

Overnatting

Hyttetomter

Eikeneset feriehytte

Hytte heilt i sjøkanten på Ikjeneset.

Kontakt: myrebonden@gmail.com
Tlf: 957 65 371

Myren Ferienhaus

Gamleskulen er ombygd til moderne leilegheiter.

Kontakt: thomas@osterbo.no
Tlf: 48161734

 

Bjørkelia hyttegrend

Byggeklare tomter til sals i koseleg hyttegrend i Stordalen.

Kontakt: oddvar@ikjefjord.no
Tlf: 970 37 566

Aktivitetar og opplevingar

Ting å finne på når du ferierar i Ikjefjord-området

Fjellturar/friluftsliv

Det er mange merka turløyper i området og vegen er kort til sjølvaste Stølsheimen. Stordalen er eit flott område for turar og friluftsliv både sommar og vinter.

Ro og avslapping

I Ikjefjorden kan du roe ned frå kvardagen, sette deg i solveggen med ein kopp kaffi og berre nyte utsikta og livet.

Fiske

Ein av dei viktigaste grunnane til at mange kjem på ferie hit er båtliv og fiske. Du kan fiske både inne i fjorden, eller reise ut på den majestetiske Sognefjorden der større fisk ventar.

Massnes Villmarksmuseum

Eit aldri så lite villmarkseldorado ved Sognefjorden. Her er utstoppa dyr frå norsk fauna, mykje gamle redskapar og ein svært så triveleg natursti ned til fjorden med flott utsikt. Ope mai-september 13-18 og elles etter avtale: 57 71 05 46

Skiferie

På vinterstid er det fint å ta turen til Stordalen skisenter og utfalde seg der. Ope i sesongen i helgar og feriar i tillegg til kveldskøyring enkelte dagar.

Her er og preparerte langrennsløyper vinterstid.

Sognefjord

På Sognefjord.no finn du forslag til aktivtetar og opplevingar i Midtre/indre Sogn.

Fjordkysten

Informasjon om ting å finne på langs kysten av Sogn og Fjordane

Bergen

VisitBergen viser fram kva vestlandets hovudstad har å tilby. Kun 90 minutt frå Ikjefjord

Massnes Villmarksmuseum

Sognefjorden

Stordalen skisenter

Fred og ro