Ikjefjord grendahus 14.mars kl 17

Ta med heile familien eller kompisgjengen på gratis middag og ein inspirerande ettermiddag.

Eksempel på tema: Kva er viktig for deg for å trivast her? Kva ynskjer du meir av? Korleis skape kortreist moro her vi bur? Kom med dine idear og innspel og få inspirasjon av andre.

Ope for alle, men gi gjerne ein lyd så vi bestiller nok mat :) Meld deg på Facebook event, eller send melding til 90 57 03 31

Kva er LivOGLyst?

Eit prosjekt sponsa av Vestland fylkeskommune for lokalsamfunnsutvikling. Eit styre med representantar frå Ortnevik til Ikjefjord er nyleg etablert og skal samhandle med deg som bur her, lag og organisasjonar, næringslivet og kommunen.

Saman skaper vi ein kjekk stad å bu.