No har desse mastene fått splitter nye radiosendarar for breidband og kan levere meir fart til alle som bur inne langs Ikjefjorden. Pr no er ikkje mast som dekker Massnes/Sørevik fornya etter det vi veit.
Slik får du meir futt i breidbandet
Er du fornøgd med det du har i dag, treng du ikkje gjere noko som helst. Men vil du ha meir fart må du bestille nytt abonnement og utstyr frå Enivest: http://www.enivest.no/privat/breiband/tradlaust/ (pr no ligg ikkje abonnementet vi blir tilbydd på oversikten, men du får høve til å velge det ved å velge riktig sendar). Evt kan du kontakte kundesenteret: kundeservice@enivest.no Telefon: 57 00 91 00
Antenne ute og modem inne må skiftast, men kabelen mellom kan vere som i dag. Med dette kjem oppstarts-/installasjonskostnad. Med ny løysing kan du bestille 10Mb/10Mb til kr 498,- pr mnd. For bedrifter kan det bestillast større fart til eigne prisar.
Bakgrunn
Etter lokalt iniativ frå næringslivet vart det sett i gong eit prosjekt for å forbetre breidbandsfarten på heile Høyanger Sørside. Dette har resultert i eit unikt spleiselag mellom Enivest, kommunen og det lokale næringslivet. Og no står dei første fullt utbygde nye radioløysingane klare, mens dei siste er under arbeid.