mast Mast Ikjefjord

No har desse mastene fått splitter nye radiosendarar for breidband og kan levere meir fart til alle som bur inne langs Ikjefjorden. Pr no er ikkje mast som dekker Massnes/Sørevik fornya etter det vi veit.

Slik får du meir futt i breidbandet

Er du fornøgd med det du har i dag, treng du ikkje gjere noko som helst. Men vil du ha meir fart må du bestille nytt abonnement og utstyr frå Enivest: http://www.enivest.no/privat/breiband/tradlaust/ (pr no ligg ikkje abonnementet vi blir tilbydd på oversikten, men du får høve til å velge det ved å velge riktig sendar). Evt kan du kontakte kundesenteret:  kundeservice@enivest.no Telefon: 57 00 91 00

Antenne ute og modem inne må skiftast, men kabelen mellom kan vere som i dag. Med dette kjem oppstarts-/installasjonskostnad. Med ny løysing kan du bestille 10Mb/10Mb til kr 498,- pr mnd. For bedrifter kan det bestillast større fart til eigne prisar.

Bakgrunn

Etter lokalt iniativ frå næringslivet vart det sett i gong eit prosjekt for å forbetre breidbandsfarten på heile Høyanger Sørside. Dette har resultert i eit unikt spleiselag mellom Enivest, kommunen og det lokale næringslivet. Og no står dei første fullt utbygde nye radioløysingane klare, mens dei siste er under arbeid.