Kanskje dette er sjansen de har venta på?

Det er mykje spennande på gang på Høyanger Sørside og omegn for tida. Og akkurat no er det fleire interessante stillingar utlyst.

Det er for eksempel ledig jobb til Mor som Biologisk Controller ved Osland Havbruk, mens Far kan ta til som lærar ved Bjordal skule. For veslebror er det framleis ledige plassar i barnehagen så han kan få plass på dagen. Storesøstrene kan begynne på Bjordal skule.

Er det ingen av dei utlyste jobbane som passar heilt? Ingen grunn til å gi opp. Ta kontakt med bedrifta du kunne tenkje deg å jobbe hos og kanskje er det bruk for akkurat din kompetanse?

Her finn du meir info om dei ulike jobbane som er ledige no

Har du ein god jobb alt? No er breidbandsløysinga i området under oppgradering så moglegheitene for nettbasert jobbing er slett ikkje verst.

Barna då?

Her har vi flott og moderne både barnehage og skule med god oppfølging. Desse held til i same bygg og sikrar ei trygg ramme rundt heile løpet frå 1 til 16 år. Det er tilsaman omlag 60 born i Bjordal skule og barnehage.

Sosialt?

Du kan gå heile dagar utan å treffe nokon viss du vil det. Men det er og mykje å finne på for «oss andre». Her er ei lita oversikt på ulike fritidsaktivitetar. Dessutan er det berre litt over 90 minutt å ta seg ein tur til Bergen (frå Ikjefjorden).

Plass å bu?

Det skal det nok bli ei ordning på. Ta kontakt med potensiell arbeidsgjevar så har dei litt oversikt på bustadmarknaden i området.

Og du, vel du å bygge hus i Høyanger kommune gir kommunen kr 200 000 i tilskot ved ferdigstilling av huset.