I år blir det fiberutbygging frå Massnes til Ikjefjord. Høyanger kommune har etablert kontrakt med Enivest AS for etablering av FTH (fiber til heimen) i alle våre område for 2020-midlane. Kommunen har oppstartmøte med Enivest AS i desse dagar.
Innsal av FTH tilbodet er i gang i desse områda;
- A1 Ortnevik
- B3 Søreide og Bjordal
- B5 Ikjefjord
- E2 Rå – Aven – Torvund
- E3 Mjelleli – Norevik – Avsnes
- H1 Klævold – Frivik – Ljotebø
Det kjem snart meir informasjon om vilkår og innhald i avtalen som er inngått mellom Enivest AS og Høyanger kommune.
Dette gjeld m.a. gjennomføring av informasjonsmøte, tilbod til sluttbrukar, prosjektplan, grunneigarar, gravemelding i samsvar med plan, kampanjeperiode, framdrift og gjennomføring. SÅ FØLG MED!