Grønkledde lier, vaiande flagg og ei akkurat passe varm sol skapte ei fin ramme rundt 17.mai-feringa i Ikjefjord grendahus.

I år vart det dessverre tog utan korps, så då tok me oss like godt nokre stopp undervegs på runden og sang nokre sangar på eigahand.

mannskor

Dei rundt 70 frammøtte benka seg deretter i salen og stemninga vart sett med nydeleg sang av Brekke mannskor. Dei var i det nasjonalromantiske hjørnet i høve 200-årsjubileet og reportoaret viste dette. Seansen vart avslutta av eit rungande ”Ja vi elsker”.

17-mai tale

Talar for dagen var utflytt Ikjefjording Arne Myren som heldt ein god tale med historisk vinkling i høve dagen.

 

Så var det klart for å forsyne seg av eit bugnande koldtbord og deretter trekke ut i solveggen for ein prat og leikar for både store og små. Kvinne-foreininga hadde spandert nye benker til Grendahuset i anledning dagen, så i år sat me ekstra godt.

17mai grendahus

Tradisjonen tru var det og rebusløp, så me fekk oss ein runde til med trim før det var tid for kaker. Og no var bygdas korpsmedlemmene frå Brekke Skulemusikk komne tilbake frå dagens oppdrag og spelte litt for oss og.

Takk til 17.mai-komiteen for eit flott arrangement og alle frammøtte for ein hyggeleg dag!