På skjærtorsdag var det tradisjonen tru laga i stand basar i Ikjefjord grendahus. Inntektene frå denne går til grendahuset og er kjærkomne til drift og utvikling av dette som ein viktig samlingsstad. Basaren vert stelt i stand på dugnad av so og sei heile bygda (og mange tilreisande): kaker vert bakt, huset stelt i stand, gevinstar kjøpt/laga/skaffa, arrangementet gjennomført og rydda opp igjen. Då er det ekstra kjekt når oppslutninga blir så bra som i år!
Dette er eit vikig møtepunkt mellom fastbuande og «påsketuristane». Salen (og scenen og gangen) var fullsett og spenninga til å ta og føle på under åresal og trekning.

Kosar seg på påskebasar, klar for vinnarlykke. f.v. Kari Agnete, Solfrid, Marita, Bente Lene og Ariell. Basaren er ein arena for utflytte Ikjefjordingar å halde kontakten med bygda og kvarandre.

Bugnande åresal
Tilsaman var omsetninga denne dagen på over kr 65 000,-!! Tusen takk til alle som var med på å gjere dette til ein kjekk dag!