Ferie i Ikjefjord
Ikjefjorden er er flott utgangspunkt for opplevingar langs Sognefjorden, i Stølsheimen eller i Bergensområdet. Her er nokre tips på vegen til ein topp ferie!Overnatting
Hyttetomter
Eikeneset feriehytte
Hytte heilt i sjøkanten på Ikjeneset.
Kontakt: myrebonden@gmail.com
Tlf: 957 65 371
Bjørkelia hyttegrend
Byggeklare tomter til sals i koseleg hyttegrend i Stordalen.
Kontakt: oddvar@ikjefjord.no
Tlf: 970 37 566
Aktivitetar og opplevingar
Ting å finne på når du ferierar i Ikjefjord-områdetFjellturar/friluftsliv
Det er mange merka turløyper i området og vegen er kort til sjølvaste Stølsheimen. Stordalen er eit flott område for turar og friluftsliv både sommar og vinter.
Ro og avslapping
I Ikjefjorden kan du roe ned frå kvardagen, sette deg i solveggen med ein kopp kaffi og berre nyte utsikta og livet.
Fiske
Ein av dei viktigaste grunnane til at mange kjem på ferie hit er båtliv og fiske. Du kan fiske både inne i fjorden, eller reise ut på den majestetiske Sognefjorden der større fisk ventar.
Massnes Villmarksmuseum
Eit aldri så lite villmarkseldorado ved Sognefjorden. Her er utstoppa dyr frå norsk fauna, mykje gamle redskapar og ein svært så triveleg natursti ned til fjorden med flott utsikt. Ope mai-september 13-18 og elles etter avtale: 57 71 05 46
Skiferie
På vinterstid er det fint å ta turen til Stordalen skisenter og utfalde seg der. Ope i sesongen i helgar og feriar i tillegg til kveldskøyring enkelte dagar.
Her er og preparerte langrennsløyper vinterstid.
Sognefjord
På Sognefjord.no finn du forslag til aktivtetar og opplevingar i Midtre/indre Sogn.
Fjordkysten
Informasjon om ting å finne på langs kysten av Sogn og Fjordane
Bergen
VisitBergen viser fram kva vestlandets hovudstad har å tilby. Kun 90 minutt frå Ikjefjord