Onsdag 15. juli omlag kl 9 passerer Sommarbåten ved Ikjefjordbrua. Bli med å vink då vel! Føl med på minutt-for-minutt-sendinga på NRK2 så veit du når du må møte opp. Satsar på å bli ein gjeng som vinkar denne dagen og gjerne tek ein felles frukost på Storeholmen.
Fredag 17. juli reiser båten frå Høyanger til Skjerjehamn med avreise frå Høyanger kl 11:15. Då er det på ny ein sjangse til å vinke eller følge i båt.
Bli med den dagen det passar for deg. Spesielt kjekt for alle som er på ferie her denne veka!