Knut Brekken stilte påskeafta ut alle arbeid han har jobba med siste halvåret. Knut lagar lerreta sine stort sett sjølv og kunne avsløre at her er det både gamle laken og gardiner som har fått nytt liv.
Mange var innom i løpet av dagen og kvelden.
Kunsten hans er stort sett abstrakt og overlet tolking til fantasien.
Fleire verk vart selt i løpet av dagen, men mange av bileta heng framleis i grendahuskjellaren så du kan ta ein kikk på veg inn til biblioteket på torsdag.